Nye mønster

Share

I mange år var eg bud mellom Mandal og Setesdal Husflid. Setesdalsgensarar av alle slag låg i bilen. Husfliden tok imot med smil og ekspederte dei vidare til kunder både i nord og sør.

Mønster vart fornya, ein periode hadde dei ei designer tilsett. Då vart modellane Sokkebånd og Boa eller kva dei no heiter, utvikla. No er det posten som formidlar kontakten mellom Reidun og Inger eller Bodil. Men framleis vert det laga gensarar i kapellet – det høglofta rommet i andre etasje her på Eskeland. Dette mønsteret er inspirert av antikkbroderiet.

Foto: Harald Haugland
Foto: Harald Haugland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *