Svart skjerm igjen

Share

svart-skjerm

For eit par veker sidan hadde vi svart skjerm ei heil veke. Då var det brot på ein kabel i Fedafjorden som førte til at vi fekk svart skjerm i Tregdeveien i Mandal. Det var ikkje lett å forstå at ein kabelbrot 70 km borte skulle få slike konsekvensar for utvalde breidbåndkundar hos Telenor.

I går skulle eg sette på TV for å sjå litt snooker, det er ein stille sport utan særleg mykje støy. Denne veka har dei halde på i Kina, og sjølv om støyen er lik null, er pengepremiane eit tal med mange nullar bak.

Det kom eit lite pip etter at fjernkontrollen hadde slått på apparatet, og så skifta lyset frå grønt til rødt att. Eg prøvde igjen, det same skjedde. I boka står det at det kan vere at mekanismen for å slå av apparatet automatisk etter ei viss tid kan vere årsaken. Men det er det ikkje så lett å finne ut av, ettersom apparatet må vere på for å få tak i den funksjonen.

Det var ei stor endring då vi fekk den store, fine skjermen. Men no har vi hatt han i nesten ni år, så det er vel bare å sjå i augene at vi får ha svart skjerm i helga og nytt apparat i neste veke. Reidun vil ha ein mindre skjerm, eg ville vel helst fylt ein heil vegg med bilete. -Den veggen har vi ikkje, smiler sjefen i huset og finansministeren min. Så det er vel bare å akseptere at når alle veggene er fulle av bokhyller og bilete, blir det nok ein mindre skjerm å sjå på framover. Men smart skal han vere, då kan ein sjå netflix om ein får lov. Og snooker.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *