Skriveklar att

Share
Karamellpudding. Foto: Helge Haugland
Karamellpudding. Foto: Helge Haugland

Etter å ha hatt pause på bloggen i over ei veke, er det på tide å skrive noko her att. Grunnen til pausen har vore noko influensaliknande som har gitt lite skrivelyst og heller lyst til å kaste opp. Men etter kvart har eg kome til krefter att, og då er det jo hyggeleg å kunne kome i gang att med skrivinga, anten det er på Setesdalswiki eller på bloggen.

Med ein noko redusert mann har det vore lite aktivitet på jolefronten her hos oss. Men eg fekk manna meg opp til å skrive nokre jolebrev og sende dei ut med epost. Elles har det vorte mykje tid framom tv og nokre gode økter i senga. Men sjakk-VM øydela jo noko for middagsluren, det var spennande å fylgje med på det som skjedde i Doha.

I dag var det rømmegrøt på menyen her i huset. Den må ein vere forsiktig med, elles vert det ikkje meir mat den dagen, men heller ein overfylt mage som slit. Det gjekk likevel godt, så godt at vi no i kveld kunne kose oss med kaffe og karamellpudding. Så fekk det våge seg at vi ikkje fekk sjå Kongen på TV, av ein eller annan grunn vart det blank skjerm i kveld. På NextGenTel sine sider var det mange frustrerte innlegg, men så lenge vi har internett, kan vi jo finne på noko anna å gjere, så etter å ha lese ei stund, fann eg ut at eg fekk skrive litt på Setesdalswiki og få på plass eit siste innlegg på bloggen for 2016.

Takk til alle som les og fylgjer med på det eg skriv. Det er koseleg med respons og flott å ha ein kanal for å gje uttrykk for inntrykk. God nytt år.

Bjøro Hildebrandt

Share

bjoro-og-miriam-cropped

I kveld hadde Miriam og Bjøro Hildebrandt konsert i Evje kyrkje. Det var førehandsomtale av konserten i Setesdølen, og ettersom eg legg overskriftene i avisa inn på Setesdalswiki, tenkte eg at eg kunne skrive ein liten artikkkel om han.

Wikipedia hadde ein artikkel om han, og det var greitt å ta utgangspunkt i det eg fann der. Eg kunne også ha laga lenke dit og droppa å lage eigen artikkel, men då ville ikkje relasjonen til Setesdal kome fram, så eg valde å skrive nokre linjer.

Eg kan jo google litt og sjå om eg finn noko meir, tenkte eg. Då synte det seg kor kort minnet er, han var jo instruktør for årets Hovdenrevy. Det er bare ein månad sidan den gjekk av stabelen, likevel hadde det sklidd ut av korttidsminnet. Det skulle vel understreke at det er godt å ha høve til å slå opp når ein vil vite noko om personar som har rollar i det offentlege rom.

Som musikar er det og naturleg å leite etter plateinnspelingar. Der fann eg at han hadde vore med på ei juleplate i fjor basert på ein novelle av Gaute Heivoll og sunge saman med kona til Heivoll, Anita Berge Heivoll. Då kom også det med i artikkelen.

Eg fann meir og, men dette var dei mest viktige tinga relatert til at han er musikar. No ligg det i ein liten artikkel om han og kan hjelpe andre når dei lurer på noko neste gong han skal ha konsert i Setesdal eller ein annan stad.

God dekning

Share

 

Ein av gardane i Evje og Hornnes kommune, Fennefoss. Foto: Geir Daasvatn
Ein av gardane i Evje og Hornnes kommune, Fennefoss. Foto: Geir Daasvatn

I dag vil eg fortelje litt om å skrive på wiki. Det beste er å ta utgangspunkt i ei rød lenke, røde lenker betyr at det ikkje er artikkel om emnet som lenka dekker. Ofte lagar ein lister med tema ein ønsker å ha artiklar om. Etter kvart som artiklane kjem, vert lenkene i listen blå.

Den som skriv mest på Setesdalswiki no, er Geir Daasvatn. Han har lagt ein plan og nyttar tida godt for å dekke alle gardane i Evje og Hornnes. I motsetnad til den arbeidsmåten eg skisserte over, har han først når omtale av dei aller fleste gardane er på plass, laga lista. Den kom i går kveld. Av 73 matrikkelnummer i kommunen var det bare sju som ikkje var blå då lista vart laga.

Så no kan du nytte den lista til å bli kjent med dei fleste delene av Evje og Hornnes kommune. I tillegg har han gjort ein stor jobb med kommuneartikkelen. Den importerte eg i si tid frå Wikipedia, akkurat som dei andre kommuneartiklane, men det er klart at Setesdalswiki burde hatt grundigare og betre kommuneartiklar om alle kommunane som leksikonet dekker.

Eg har nok tenkt at ting tek tid og det får kome etter kvart, men det er ei stor glede å trekke fram det flotte arbeidet Geir har gjort med å gje god dekning av Evje og Hornnes kommune på Setesdalswiki.

 

Lesing og jolesongar

Share
Julesang på Frivilligsentralen i Valle 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru
Julesang på Frivilligsentralen i Valle 2016. Foto: Marja-Leena Steinbru

I morgon er det siste sendinga før jul. Den blir litt avkorta, for når sendinga er slutt, skal det gjerast opptak til sendinga lisle jolekvelden.

Programmet er sterkt prega av jolesongar, Siri Johannessen har blitt inspirert av det engelske Nine lessons and carols og har lag ein norsk variant med ni lesingar og jolesongar. Den begynner halv sju etter at Terje Seilskjær har hatt andakt og går ein time. Då kjem Niklos K. Besteland med sitt Postludium til jola 2016. Her er programmet:

Tysdag 20. desember
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon
18.05 Andakt med
Terje Seilskjær
18.30 Ni lesingar og jolesonger
19.30 Postludium med Niklos K. Besteland
20.00 Kyrkjebakken

 

Onsdag 21. desember
Teknikar:Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte i Valle

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 eller via http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Julebakst

Share

I desember går steikeovnane varme oftare enn elles, trur eg. Sjølv om ein kan kjøpe alle julekakene på butikken i våre dagar, er det framleis mange som bakar til jul. Første adventshelga var Rønnaug heime og bakte sandkaker saman med Reidun, dei delte produksjonen, men Reidun sin del måtte seinare supplerast, og det var ikkje eg som hadde lange fingrar i kakeboksen.

I dag var det tid for krumkaker her i huset. Dei er gode med krem og eg hadde tilbod om å vere med og forme dei, det må gjerast medan dei er nysteikte og mjuke, før dei stivnar. Då er dei varme, så Reidun meinte at eg ville få varme i dei kalde hendene mine. Men eg takka nei, hendene mine ville nok heller laga vrak av materialet, og det hadde ingen vore tente med.

Vi pleier ikkje å ha sju sortar, i år blir det visst kanskje fire, for vi har kaker med nøtter og sjokolade, og dei er populære, så nøttene er hakka og sjokoladen likeså. Etter det eg skjøner er det planlagd produksjon over helga. Og så er det risbollar, dei skal visst vente til Helge har kome heim, han kjem på onsdag, så då blir det vel til torsdag. Det er nok lurt, for risbollane er populære og ein kan ikkje risikere at dei blir oppetne før helga blir ringt inn.

Mitt søskenbarn Brit Obrestad reiste til Lyngdal i dag for å lære søster mi, Jorunn Moen, å bake lefser. Vår mormor, Selma Hetland, dreiv heimebakeri på Figgjo i mange år, ho leverte lefser, kråtekaker og potetkaker til mange butikkar. Då eg var svært ung, hadde eg til oppgåve å få lefsepakkar på bussen til Oltedal, men eg vart aldri involvert i bakeprosessen. Det vart ikkje Jorunn heller, så vidt eg veit, så det var vel på høg tid at ho lærte seg det, ho vart også pensjonist tidlegare i år. Dagens bilde er det Ole Thorvald Moen som har teke, to nøgde damer etter å ha bakt 30 lefser. Godt jobba!

Nøgde lefsebakarar Brit Obrestad og Jorunn Moen. Foto: Ole Thorvald Moen
Nøgde lefsebakarar Brit Obrestad og Jorunn Moen. Foto: Ole Thorvald Moen

Paradoks

Share

Tirsdag skrev jeg om utforkjøringen vi var vitne til da vi kom mellom Valand og Håland på vei hjem fra Kristiansand. Jeg hadde vært på sykehuset i Kristiansand for å ta noen blodprøver før min halvårlige kontroll der. I dag var tiden for kontroll og dermed fikk jeg vite resultatene. De var stabile, gledelige og som de pleier å være. Om jeg hadde følt meg litt sjaber siste uka, blir et slikt besøk en opptur hvor man helst føler seg bedre etterpå.

Reidun var med også i dag, så vi vurderte litt om vi skulle ta en kaffekopp på kafeen på sykehuset, men valgte å kjøre hjem og heller ta lunsj hjemme.

Så kom vi inn døra hjemme, og da gikk turen rett på toalettet for da kom frokosten opp igjen. Plutselig, uten noe forvarsel i det hele tatt. Og lysten på lunsj var minimal, for å si det slik. I stedet ble det en middagslur for å håpe at det ga seg.

Heldigvis gjorde det det. Da jeg kom tilbake fra drømmeland, valgte jeg på øverste hylle, og da ble det havresuppe. Men da den ikke kom opp igjen, kunne jeg nyte ostesmørbrød til middag, om det var en forsinket lunsj eller hva jeg nå skulle kalle det.

Men jeg synes det er et paradoks at legen sier at alle prøver er bra og at jeg så går hjem og gir hals.

Ellers ble kvelden en opptur med håndballseier, men jeg trodde en stund at de franske jentene skulle vinne kampen. Så nå er det bare å glede seg til en ny og spennende kamp søndag.

Nissens gode hjelpar

Share
Linda Rabbe Haugen henta julegave
Linda Rabbe Haugen henta julegave

Tidlegare i haust skreiv eg om ei av dei mange jolegåvene som har kome frå strikkemaskinen til Reidun. Då fekk eg ein kommentar frå Linda Rabbe Haugen om at ho kunne vere postbod om gåva skulle oppover i Setesdal.

I dag tok eg ein telefon til Linda og spurde om ho kunne ta med ein pakke til Valle. Ho bur i andre enden av Tregdevegen, så eg kunne ta turen bort med den.

-Vi skal ha avslutning i barnehagen, men om de er heime klokka 17. 30, kjem eg innom og hentar den. -Ingenting er betre enn det, vi er heime. -Då har vi ein plan, sa Linda, som var på jobb då vi snakka saman.

Halv seks svinga ein bil inn i tunet, det ringte på døra, og der stod julenissen sin gode hjelpar. Det var Reidun som opna, dei prata litt saman medan eg fekk i meg siste rest av middagen. Så henta eg nettbrettet og skunda meg ut i døra for å få eit bilete av min hjelpsame tidlegare elev, no seniorrådgjevar hos Reijlers. Då friska ho og Reidun opp informasjon om Sigmund og Margunn, Sigmund gjekk klassen under Linda på Valle skule for mange år sidan.

I morgon går turen til Valle for Linda og familien, og då er pakken med. Så finn ho nok mottakaren der i kveldinga.

-Skulle det vere behov ein annan gong, må de bare seie ifrå, var helsinga før ho reiste. Takk for det, gode Linda!

Onsdagsprogram 14. desember 2016

Share
Utsikt over Hylestad sett frå Berg. Foto: Øystein Berg
Utsikt over Hylestad sett frå Berg. Foto: Øystein Berg

Eg fekk ikkje tilsendt onsdagsprogrammet saman med tysdagsprogrammet denne veka, så difor var det ikkje med då eg la ut programmet måndagskvelden. No er sendinga over, så det blir bare for ettertida at eg tek det med slik eg fann det på Valle Radio si facebookside i kveld. Av ein eller annan grunn fungerer ikkje lenka så eg får ikkje høyre nettradio, men vonleg vert det fiksa etter kvart.

Program onsdag 14.12.16
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
Tlf.vakt Jorunn Lund Harstad
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med biblioteksjef Aud Kjersti Torbjørnsen
20.00 Ronnys time
– Steinar Kyrvestad om fylkessammenslåingen
-Ørnulf Hasla om sendinga frå Valle sentrum 23.des.
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

Vinnarane av rebusløysingane er:
Anne Lise Harstad, Hildeborg Lund, Gyro Kopperud og Signe Rysstad.

#valleradio Telefon: 41776666
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

 

Kjør forsiktig

Share

 

Foto: Reidun Haugland
Foto: Reidun Haugland

I dag var vi en tur til Kristiansand og på veien tilbake kom vi forbi Valand på vei opp mot Håland da det plutselig ble stopp i trafikken. Foran oss så vi en ambulanse og blinkende blålys. Trafikken kom mot oss, men vi måtte vente.

-Ta nettbrettet, dette vil jeg ta bilde av, sa jeg til Reidun. Men det var jeg som kjørte, og det var politi der, så jeg kunne jo ikke få tatt bildet selv. -Du må ta bildet, sa jeg. Ta det gjennom vinduet når vi kjører forbi.

Hun gjorde som jeg fortalte henne, det ble to bilder, og det ene av dem bruker jeg på bloggen i kveld.

Vel hjemme leste jeg i nettavisene til Lindesnes og Fædrelandsvennen om ulykke. Det var en 69 år gammel mann som var på vei vestover i en Ford Transit. Så kom han utfor asfaltkanten, og da vippet bilen rundt. Airbagene ble utløst, men han ville ikke bli med ambulansen. Snart var veien ryddet og trafikken gikk som normalt. Men moralen bør vel være at man bør kjøre forsiktig, for plutselig er ulykken ute.

Avisene spurte folk om de hadde bilder, men jeg droppet å dele med avisene, i stedet deler jeg det med dere som leser bloggen min.

Julepynt

Share

juleduk

I går hadde NRK TV eit innslag om julepynten frå Kina. I dag hadde programmet Lisenskontrolløren eit lite kutt som fortalde at det ikkje var første gongen dei hadde eit slikt innslag, då var det Hong Kong som var den store leverandøren.

Eg lurer no på om julekulene som vi hadde på treet heime kom frå Kina, i eit innslag var det sagt at dei hadde julekuler for hundre år sidan, men dei sa ikkje kven som laga dei.

Før var det vanleg å saume juledukar. Ein kjøpte påtekina dukar med eit ark som synte kva slags fargar ein skulle bruke, gjerne markert med nummer, og så var det bare å setje seg ned og ta tida til hjelp. Det kunne ta år å saume ein juleduk, særleg om du ikkje likte så godt å saume frisaum, men heller var tilhengar av teljesaum.

I vår tid er det ikkje så vanleg, trur eg. I moderne heimar finn ein andre former, så dukar med julemotiv er ikkje lenger førstegevinst på basarar og jolemesser om hausten. Men folk som likar å male med tråd, sit framleis og saumar på greiner, konglar og snødekte hus, juleklokker og lykter. Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over arbeidet som vert lagt ned for å pynte til jul.