Skriveklar att

Share
Karamellpudding. Foto: Helge Haugland
Karamellpudding. Foto: Helge Haugland

Etter å ha hatt pause på bloggen i over ei veke, er det på tide å skrive noko her att. Grunnen til pausen har vore noko influensaliknande som har gitt lite skrivelyst og heller lyst til å kaste opp. Men etter kvart har eg kome til krefter att, og då er det jo hyggeleg å kunne kome i gang att med skrivinga, anten det er på Setesdalswiki eller på bloggen.

Med ein noko redusert mann har det vore lite aktivitet på jolefronten her hos oss. Men eg fekk manna meg opp til å skrive nokre jolebrev og sende dei ut med epost. Elles har det vorte mykje tid framom tv og nokre gode økter i senga. Men sjakk-VM øydela jo noko for middagsluren, det var spennande å fylgje med på det som skjedde i Doha.

I dag var det rømmegrøt på menyen her i huset. Den må ein vere forsiktig med, elles vert det ikkje meir mat den dagen, men heller ein overfylt mage som slit. Det gjekk likevel godt, så godt at vi no i kveld kunne kose oss med kaffe og karamellpudding. Så fekk det våge seg at vi ikkje fekk sjå Kongen på TV, av ein eller annan grunn vart det blank skjerm i kveld. På NextGenTel sine sider var det mange frustrerte innlegg, men så lenge vi har internett, kan vi jo finne på noko anna å gjere, så etter å ha lese ei stund, fann eg ut at eg fekk skrive litt på Setesdalswiki og få på plass eit siste innlegg på bloggen for 2016.

Takk til alle som les og fylgjer med på det eg skriv. Det er koseleg med respons og flott å ha ein kanal for å gje uttrykk for inntrykk. God nytt år.