Bjøro Hildebrandt

Share

bjoro-og-miriam-cropped

I kveld hadde Miriam og Bjøro Hildebrandt konsert i Evje kyrkje. Det var førehandsomtale av konserten i Setesdølen, og ettersom eg legg overskriftene i avisa inn på Setesdalswiki, tenkte eg at eg kunne skrive ein liten artikkkel om han.

Wikipedia hadde ein artikkel om han, og det var greitt å ta utgangspunkt i det eg fann der. Eg kunne også ha laga lenke dit og droppa å lage eigen artikkel, men då ville ikkje relasjonen til Setesdal kome fram, så eg valde å skrive nokre linjer.

Eg kan jo google litt og sjå om eg finn noko meir, tenkte eg. Då synte det seg kor kort minnet er, han var jo instruktør for årets Hovdenrevy. Det er bare ein månad sidan den gjekk av stabelen, likevel hadde det sklidd ut av korttidsminnet. Det skulle vel understreke at det er godt å ha høve til å slå opp når ein vil vite noko om personar som har rollar i det offentlege rom.

Som musikar er det og naturleg å leite etter plateinnspelingar. Der fann eg at han hadde vore med på ei juleplate i fjor basert på ein novelle av Gaute Heivoll og sunge saman med kona til Heivoll, Anita Berge Heivoll. Då kom også det med i artikkelen.

Eg fann meir og, men dette var dei mest viktige tinga relatert til at han er musikar. No ligg det i ein liten artikkel om han og kan hjelpe andre når dei lurer på noko neste gong han skal ha konsert i Setesdal eller ein annan stad.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *