God dekning

Share

 

Ein av gardane i Evje og Hornnes kommune, Fennefoss. Foto: Geir Daasvatn
Ein av gardane i Evje og Hornnes kommune, Fennefoss. Foto: Geir Daasvatn

I dag vil eg fortelje litt om å skrive på wiki. Det beste er å ta utgangspunkt i ei rød lenke, røde lenker betyr at det ikkje er artikkel om emnet som lenka dekker. Ofte lagar ein lister med tema ein ønsker å ha artiklar om. Etter kvart som artiklane kjem, vert lenkene i listen blå.

Den som skriv mest på Setesdalswiki no, er Geir Daasvatn. Han har lagt ein plan og nyttar tida godt for å dekke alle gardane i Evje og Hornnes. I motsetnad til den arbeidsmåten eg skisserte over, har han først når omtale av dei aller fleste gardane er på plass, laga lista. Den kom i går kveld. Av 73 matrikkelnummer i kommunen var det bare sju som ikkje var blå då lista vart laga.

Så no kan du nytte den lista til å bli kjent med dei fleste delene av Evje og Hornnes kommune. I tillegg har han gjort ein stor jobb med kommuneartikkelen. Den importerte eg i si tid frå Wikipedia, akkurat som dei andre kommuneartiklane, men det er klart at Setesdalswiki burde hatt grundigare og betre kommuneartiklar om alle kommunane som leksikonet dekker.

Eg har nok tenkt at ting tek tid og det får kome etter kvart, men det er ei stor glede å trekke fram det flotte arbeidet Geir har gjort med å gje god dekning av Evje og Hornnes kommune på Setesdalswiki.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *