Julebakst

Share

I desember går steikeovnane varme oftare enn elles, trur eg. Sjølv om ein kan kjøpe alle julekakene på butikken i våre dagar, er det framleis mange som bakar til jul. Første adventshelga var Rønnaug heime og bakte sandkaker saman med Reidun, dei delte produksjonen, men Reidun sin del måtte seinare supplerast, og det var ikkje eg som hadde lange fingrar i kakeboksen.

I dag var det tid for krumkaker her i huset. Dei er gode med krem og eg hadde tilbod om å vere med og forme dei, det må gjerast medan dei er nysteikte og mjuke, før dei stivnar. Då er dei varme, så Reidun meinte at eg ville få varme i dei kalde hendene mine. Men eg takka nei, hendene mine ville nok heller laga vrak av materialet, og det hadde ingen vore tente med.

Vi pleier ikkje å ha sju sortar, i år blir det visst kanskje fire, for vi har kaker med nøtter og sjokolade, og dei er populære, så nøttene er hakka og sjokoladen likeså. Etter det eg skjøner er det planlagd produksjon over helga. Og så er det risbollar, dei skal visst vente til Helge har kome heim, han kjem på onsdag, så då blir det vel til torsdag. Det er nok lurt, for risbollane er populære og ein kan ikkje risikere at dei blir oppetne før helga blir ringt inn.

Mitt søskenbarn Brit Obrestad reiste til Lyngdal i dag for å lære søster mi, Jorunn Moen, å bake lefser. Vår mormor, Selma Hetland, dreiv heimebakeri på Figgjo i mange år, ho leverte lefser, kråtekaker og potetkaker til mange butikkar. Då eg var svært ung, hadde eg til oppgåve å få lefsepakkar på bussen til Oltedal, men eg vart aldri involvert i bakeprosessen. Det vart ikkje Jorunn heller, så vidt eg veit, så det var vel på høg tid at ho lærte seg det, ho vart også pensjonist tidlegare i år. Dagens bilde er det Ole Thorvald Moen som har teke, to nøgde damer etter å ha bakt 30 lefser. Godt jobba!

Nøgde lefsebakarar Brit Obrestad og Jorunn Moen. Foto: Ole Thorvald Moen
Nøgde lefsebakarar Brit Obrestad og Jorunn Moen. Foto: Ole Thorvald Moen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *