Julebord med noko attåt

Share

jolebord-solvgarden

Fredagskvelden var det kommunalt julebord i Valle. Det var som vanleg på Sølvgarden på Rysstad og vel 80 tilsette i kommunen hadde funne høve til å vere med. I døra helsa rådmann Eivind Berg og ordførar Steinar Kyrvestad oss velkomne, vi fekk velkomstdrink med og utan alkohol og etter litt mingling gjekk vi til bords.

Eg hadde avtalt med kollegaene på Valle Vaksenopplæring å sitje saman med dei, og slik høvde det også. Dermed hadde eg hyggeleg bordfellesskap med Arild Aabø, Andreas Veiersted, Øystein Berg og Helga Bjørkeli på eine sida av bordet, biblioteksjef Aud Kjersti Torbjørnsen, Guro Nordli Solbakk, Bjørgulv T. Berg og Liv Bratlie Løyland på andre sida.

Maten var av godt Sølvgarden-merke, eg unna meg spa med lefse til hovudrett, både suppa og fisken var ypperleg, men eg var også innom annan julemat før moltekrem og suksessterte. Etter kvart har eg lært å kjenne mi begrensning på slike samkomer, så eg klarte å fullføre måltidet utan å vere stinn, og det var jo høveleg når eg skulle kjøre heim att om kvelden.

Liv Tanche Larsen var kveldens toastmaster og til skilnad frå tidlegare julebord eg har vore på, var det ikkje noko program i kjellaren etter bordseta, alt føregjekk oppe i første etasje, dansen var i baren for dei som ville danse, og elles kunne vi sitje og prate saman utetter kvelden. Liv kom greitt frå oppgåva som festleiar sjølv om ho tok opp julebordsangen min noko lågt. Eg måtte også hjelpe henne å finne tonen, for ho nynna på musevisa og hadde ikkje fått med seg at melodien eg har brukt i alle år er mi vesle helsing til reinhaldarane i kommunen: No har vi vaska golvet.

Eg var kanskje litt meir i fokus enn eg pleier denne kvelden ettersom eg var einaste mannen som fekk påskjøning for 25 år i Valle kommne. Det skal eg kome tilbake til. I tillegg var eg blitt spurt om å halde tale for damene. Det er jo ikkje alltid like lett, så i veka funderte eg på mange innfallsvinklar, googla ein del, men fann i grunnen lite som høvde å ta med, så det enda opp med ein tale der eg snakka litt ut frå eiga erfaring om gleda ved å ha ein finansminister ved si side før eg runda av med ei lita historie.

Talen for herrene var det Marianne Brenna Homme som heldt, og det var fjerde gongen ho hadde denne oppgåva på det kommuneale jolebordet. Som vanleg løyste ho det med bravour. Etter kvart som ho la ut, vaks latteren til nye høgder, for ho tok mange situasjonar på kornet og både menn og kvinner kjende seg att. Eit alvorsord la ho også inn: Menn kan være litt selvmotsigende. De går gjerne til krig, men ber du dem holde håndvesken din på et offentlig sted, får de et drag av ren redsel i ansiktet. 

Valle kommune har også tilsette musikarar som leverer. Sigurd Brokke og IKT-Jamie var med denne kvelden, og Sigurd fekk gjere litt reklame for munnharpefilmen til Vladimir Markov. I tillegg meinte han at slagorden til Donald Trump burde ha vore Make Trump Great Again, for Trump betyr munnharpe på engelsk.

Når underhaldninga var ferdig og måltidet over, gjekk praten mellom kolleger og venner om laust og fast til langt uti dei små timane. Sjølv tok eg kvelden klokka 23.30, då vente to og ein halv time i bilen før eg kunne avslutte ein innhaldsrik dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *