Julepynt

Share

juleduk

I går hadde NRK TV eit innslag om julepynten frå Kina. I dag hadde programmet Lisenskontrolløren eit lite kutt som fortalde at det ikkje var første gongen dei hadde eit slikt innslag, då var det Hong Kong som var den store leverandøren.

Eg lurer no på om julekulene som vi hadde på treet heime kom frå Kina, i eit innslag var det sagt at dei hadde julekuler for hundre år sidan, men dei sa ikkje kven som laga dei.

Før var det vanleg å saume juledukar. Ein kjøpte påtekina dukar med eit ark som synte kva slags fargar ein skulle bruke, gjerne markert med nummer, og så var det bare å setje seg ned og ta tida til hjelp. Det kunne ta år å saume ein juleduk, særleg om du ikkje likte så godt å saume frisaum, men heller var tilhengar av teljesaum.

I vår tid er det ikkje så vanleg, trur eg. I moderne heimar finn ein andre former, så dukar med julemotiv er ikkje lenger førstegevinst på basarar og jolemesser om hausten. Men folk som likar å male med tråd, sit framleis og saumar på greiner, konglar og snødekte hus, juleklokker og lykter. Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over arbeidet som vert lagt ned for å pynte til jul.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *