Imponerande årsmelding

Share
Foto: Regionrådet
Foto: Regionrådet

På årets første arbeidsdag la Setesdal Regionråd ut ei imponerande årsmelding. Vi som fylgjer arbeidet på sidelinja kan ikkje anna enn å bli imponert av det vi kunne lese der.

Lista over område som regionrådet har arbeidd med er svært omfattande. Når vi også anar noko om kor mykje tid som har gått med til den håplause diskusjonen om å etablere eit eige næringsselskap i regi av regionrådet, blir vi desto meir imponert over det som Signe Sollien Haugå har fått til som dagleg leiar og einaste tilsette i full stilling.

I årsmeldinga blir ungdomsprosjektet trekt fram som første sak. Arbeidstittelen Setesdal Åhoi, offisiell tittel Setesdal gründer og samfunnsutvikling, har hatt fleire samlingar og kome opp med idear som ein skal arbeide med i 2017.

Fleire reiselivsrelaterte saker er også nemnde: Berekraftig reisemål, Visit Setesdal, deltaking på Grühne Woche i Tyskland, fullføring av prosjektet berekraftig reisemål, ladestasjonar for el-bilar og omfattande lobbyarbeid for å halde trykket oppe i utbygginga av riksveg 9 er eksempel på slike saker.

Nederst på regionrådet sine nettsider står det: Vi har tre hovudarbeidområde – infrastruktur, interkommunalt samarbeid og næringsutvikling. Alt vi gjer er mynta på at det skal være godt å bu og drive verksemd i Setesdal.

Sjølv kjenner eg best til næringsutviklingsarbeidet, ikkje fordi eg sjølv driv næring, men eg har fått vere med på Setesdalskonferansen i fleire år. Der kjem næringslivsleiarar saman to dagar, høyrer på foredrag og får idear og påfyll, minglar, pratar ved måltid, vert inspireSetesdalsprisen. I fjor var det og ein gründerkonkurranse der Nomeland fekk heder og ære for produktet Polarsand. Men det er i grunnen bare toppen av kransekaka. Gjennom heile året har regionrådet arbeidd med næringsutvikling som til dømes støtte til sauefjos og nydyrking, bratt friluftsliv, produktutvikling, internasjonalisering, prosjekteringsstøtte og mykje meir, til og med støtte til ambulanseselskap som har har sikra arbeidsplassar og helsetenester i dalen.

Ein skal vere rimeleg strukturert for å halde så mange ballar i lufta. Det blir mange timar i bil for å delta på møte nord og sør i og utanfor Setesdal. Takk for alt Setesdal Regionråd har fått til i 2016 og lukke til med arbeidet i 2017.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *