Land ingen har sett

Share

Den siste tida har eg lese Land ingen har sett, den tredje boka av Edvard Hoem si slektskrønike. Eg har lånt ho som e-bok på biblioteket, dermed kan eg ikkje bla i henne på same måte som om eg hadde ei papirbok ved sida av datamaskinen når eg skriv dette.

Men det er ei sterk bok som er svært interessant å lese og eg er samd med anmeldaren i VG som sa at største svakheten med boka er at ho er for kort, og ho er på 400 sider. I historia ligg stoff til minst 400 sider til, så han har komprimert mykje. Vi får høyre om korleis det går med pionerane i USA og Canada og om familien heime i Norge. Boka sluttar med at emigranten kjem heim til Molde etter 30 år på andre sida av Atlanterhavet.

Eg las omtalen i VG og undrar meg over at han ikkje i det heile er inne på det sterke religiøse elementet som er i romanen. For her får vi realistisk skildring av tru og tvil, kyrkjeliv i pionertida og vekking i heimlandet. Den kjende predikanten Mathias Orheim stod i vekking på Hoem og prega bygdelivet i lang tid.

Det er ikkje så mange som skriv om kristenlivet sin innverknad på samfunnslivet og livet til folk, men i denne boka får vi eit godt bilete av at trusliv og dimensjonen oppover er viktig for mange av personane i romanen, akkurat som det er viktig for mange i vår tid. Det er godt å få ein tekst som held høg litterær kvalitet og tek med trusdimensjonen, for den har innverknad på korleis vi løyser utfordringar som livet gir, anten det er tale om å bygge kyrkje i Canada eller bedehus i Noreg.

Vi burde få fleire slike bøker, dei famnar heile livet med så mange fasettar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *