Mange namn

Share

I går skreiv eg om å studere stoffet i Setesdølen litt grundigare. Etter å ha tenkt meg om i natt gjekk eg laus på oppgåva i dag og laga ei liste over alle namna som var med i det redaksjonelle stoffet i årets første nummer av avisa. Eg la lista ut på Setesdalswiki slik at du kan sjå henne om du klikkar på lenka her på bloggen.

Til saman var det 90 namn.  Eg tok ikkje med namn i dødsannonse eller tilsette i avisa. I tillegg skreiv eg opp heimstad om eg visste det eller det stod i avisa. Dermed kunne eg sjå kva del av dekningsområdet som var best dekt i denne utgåva. 14 personar vart utan geografisk plassering. 32 høyrde til i Valle, 10 i Evje og Hornnes, 8 i Iveland og Bygland, 6 i Eiken. Resten var spreidde rundt om i Norge og verda. Eg vart litt overraska over at det ikkje var namn frå Bykle i det redaksjonelle stoffet denne gongen. Det var 34 kvinner, det er 37 prosent.

Dette var altså ein stikkprøve. Om eg orkar å gjere dette for januar 2017 veit eg ikkje, men eg veit at eg kjem ikkje til å gjere det med heile årgangen. Det er anna interessant å halde på med.

Eg vart kan hende mest overraska over at det var artiklar om 39 av dei 90 på Setesdalswiki, det betyr 43%, og det synest eg er høg dekning, særleg då mange av namna i avisa var barn, og det er sjeldan eg lagar artiklar om barn på Setesdalswiki. Men avisa skreiv om elevar på Iveland skule og det var fleire bursdagshelsingar til barn, og dei namna tok eg med.

Eg får vel heller få kona med på å rydde litt meir og få litt orden i arkiveringa.

Reidun arkiverer
Reidun arkiverer

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *