Mykje lesestoff

Share
Foto: Reidun Haugland
Foto: Reidun Haugland

Når avisa Setesdølen kjem med posten, hender det ofte at eg ser på den og seier til meg sjølv at i dag var det ikkje så mykje i avisa. Så legg eg henne vekk, men etter ei stund må eg ta henne tilbake og skrive inn overskriftene på Setesdalswiki. Då ser eg ofte at det var meir innhald enn eg hadde tenkt.

I dag tok eg for meg heile årgangen 2016 for å arkivere den og då kom eg til å bla gjennom fleire av avisene. Det slo meg at gjennom eit år får vi vite mykje om liv og lagnad i Setesdal gjennom å lese avisa. Dessverre gløymer vi fort, så kunnskapen er som oftast noko passiv, det vil seie at vi klarar ikkje å gje att kva det var vi hadde lese, men om nokon repeterer det for oss, så har vi høyrt det før.

No når eg er blitt pensjonist, så har eg lurt på om eg skulle starte eit studium av ein årgang av avisa. Det er mange spørsmål ein kunne ta for seg i eit slikt studium. Eit av dei er det som vi høyrer frå Evje-folk, at det vare er stoff frå øvst i dalen, og lite frå Nedre Setesdal. I Valle høyrde eg det motsette, det står jo alli noko om oss. Ein kunne jo slå seg til ro med det og seie at når alle er misnøgde, må det tyde på god balanse. Men kva er rett?

Eit anna argument ein høyrer er at det er mest bare menn i avisa. Kor blir det av alle dei dyktige kvinnene i spaltene? Eit anna er at det bare er bilete av ungar i den avisa. Er det tilfelle? Eller skriv avisa bare om basarar og konsertar?

Slik er det mykje ein kan studere på. Truleg kunne studentar på Gimlekollen Mediehøgskole lage mange slike studiar, når avisa kjem to gonger i veka, er det jo overkommeleg.

I jola har eg fundert på om eg skulle gjere det på ein annan måte. Kva om eg laga eit oversyn over alle folka som er nemnde i avisa i ein periode. Då kunne eg sjå kor mange av dei som eg har artiklar om, eller kan hende den lista kunne vere eit grunnlag for å lage artiklar.

Slik funderer ein og vonar at skrivekløen skal bli så sterk at ein startar eitt eller anna prosjekt for å få betre grunnlag for eigne meiningar. Det kan og vere eit nyårsløfte.

Men så var det noko interessant her ein burde lese ein gong til først…..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *