Ny rådmann tilsett

Share
Foto: Brit Obrestad

Det vart eit kort møte i kommunestyret i Valle i kveld. Dei hadde bare ei sak å handsame, og møtet var lukka under den handsaminga. Men protokollen vart sendt ut alt klokka 19:07, så dei brukte ikkje unødig tid. Klokka 19:32 kom meldinga på NRK Sørlandet sine sider. Vonleg fekk dei det også med i Valle Radio si sending. Eg siterer heile vedtaket:

Saksprotokoll i Kommunestyret – 25.01.2017

Handsaming: Margit Dale la inn krav om skrifteleg røysting. Framlegg frå Margit Dale: Aud Sunniva Fuhr vert ikkje tilsett som rådmann i Valle kommune. Stillinga vert lyst ut på nytt.

Teljekorpset i samband med røystinga vert Knut Haugland, Sissel Åkre og Gunn Marith Homme.

Røysting:

Alternativ 1: Innstilling frå Administrasjonsutvalet 9 røyster Alternativ 2: Framlegg frå Margit Dale 6 røyster

Vedtak: Aud Sunniva Fuhr vert tilsett som rådmann i tråd med rapport og innstilling frå rekrutteringskonsulent Torbjørn Ravnaas

Det var åtte søkjarar til stillinga, seks menn og to kvinner. Lista over søkjarar kan du sjå på Setesdalswiki om du trykkjer på den grøne lenka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *