Nytt hundretal og årsskifte

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Godt nytt år. Det er naturleg å starte 2017 på bloggen med å fortelje litt om korleis det gjekk med Setesdalswiki i 2016.

Vi nådde 86 900 med datoartikkelen 13. februar 2017. Det skjedde 29. desember 2016. Årets siste artikkel i 2016 vart artikkelen om Steinar Reiersen. Dermed nådde vi 86 912 artiklar i 2016. Ved starten av året hadde vi 85 163. Auken dette året var difor 1 749 artiklar. Det er 45 færre artiklar enn i 2015.

Når vi ser på Setesdalswiki, vil vi framleis finne mange røde lenker. Det betyr at det er meir å skrive om i 2017. Vi har alt starta, vonleg vil det halde fram i året som ligg framom. I året som gjekk var det nesten 76 000 unike besøk. Det betyr at mange finn nytting informasjon på Setesdalswiki. Det håpar vi vil skje også i året som kjem.

I året som kjem vil det bli mange høve til å utvikle Setesdalswiki vidare. Medan vi tidlegare har vore nokså lokale innanfor regionen, kan det godt tenkjast at vi etter kvart sprengjer dei grensene meir enn vi har gjort. Vi har plass til mykje når det kan relaterast til stoff som alt er med i leksikonet, og kanskje kan vi nå endå vidare om vi opnar noko. Så får det stå sin prøve at namnet er lokalt. Eit nettleksikon vert jo ikkje lese i alfabetisk rekkefølge som eit papirleksikon, men ved å fylgje lenker og ved at ein googlar noko og får treff. Vi hadde over to millionar treff i fjor.

Velkommen som lesar også i 2017, kan hende du også skulle prøve deg som skribent. Det ville vere ei fin gåve i eit nytt år.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *