Planlegging

Share
Liv Tanche-Larsen, Ronny Stavsholt, Siri Johannessen, Niklos K. Bestelan og Ørnulf Hasla på kveldens planleggingsmøte. Foto: Britta Lise Homme
Liv Tanche-Larsen, Ronny Stavsholt, Siri Johannessen, Niklos K. Bestelan og Ørnulf Hasla på kveldens planleggingsmøte. Foto: Britta Lise Homme

I kveld var det planleggingsmøte for Valle Radio. 15 medarbeidarar samla seg på Sølvgarden klokka 18 for å sjå på planane for onsdagssendingane våren 2017. Eg var ikkje der, det er første gong på mange år at eg ikkje var med på desse planleggingsmøta, så eg sakna det. Men eg er ute av den faste drifta no, så det må eg bare leve med.

Som vanleg gjekk praten etter det eg har fått vite om laust og fast i semesteret som ligg framom oss. Etter det eg forsto vil våren gå sin gang. Men ein vil få til litt meir opplæring i å ta opptak og redigere opptak, dermed vonar ein å få til litt stoff frå folk som ikkje har høve til å kome til studio. Etter det eg forsto var folk i Hylestad litt opptekne av at det var mindre stoff frå den sørlege delen av Valle kommune enn dei likte.

Eg meiner no at Valle Radio, i alle fall om ein tenkjer på sendingane våre begge dagane, famnar godt ikkje bare heile Valle kommune, men langt på veg heile Setesdal. Ettersom vi sender i heile dalen, er det også naturleg.

Eg merkar at det kriblar litt i radio-genet mitt når eg høyrer om planlegging av året som kjem. Men så langt har eg ikkje funne nokon naturleg stad å engasjere meg i radioarbeid etter at eg vart pensjonist.

På desse møta brukar det å vere god mat, men informanten min sa ikkje noko om serveringa, så der kan eg ikkje rapportere noko i kveld. Sjølv hadde eg lapskaus til middag i dag, det var svært høveleg etter ein periode med jolemat i mange variantar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *