Radiosakn

Share

Etter å ha hatt pause frå radioen dette semesteret, skal eg ikkje legge skjul på at eg saknar å vere i studio og ha programansvar. På planleggingsmøtet tysdag vart det sagt at Radio Evje slit med å få programleiarar, etter det eg fekk høyre.

Då var det nesten så det kribla litt i meg og eg tenkte om eg skulle melde meg som programleiar på Evje, det er jo bare halve vegen i høve til Valle, så det kunne jo gå.

Eg gjekk inn på facebooksida deira, der stod det ei melding frå august om at dei trong programleiarar og teknikarar. Men det er ein hake ved å bli med i Radio Evje, det er at dei sender på fredagar, og fredagane er ofte opptekne av andre ting. For meg hadde det høvd best på torsdagar, for då har kona forening, så den dagen er det sjeldan vi har andre planar.

Så sit eg her og lurer på kva vennene i Valle ville seie om eg melde meg til å vere med i Radio Evje. Og det lurer eg på no når natta kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *