Telefonvakter

Share

I Valle Radio har vi ein flott gjeng med telefonvakter som er med på onsdagskveldane når det er opi sending. Nokre av dei er også med som programleiarar for programmet.

På planleggingsmøtet på Sølvgarden i går kveld var dei med og diskuterte oppsettet for våren. Deretter var det middag. På menyen stod kyllingfilet med heimelaga is til dessert. Eg var ikkje på møtet, då hadde du nok fått eit bilete av maten. Men Britta Lise Homme var der, og ho veit å setje pris på desse viktige medarbeidarane i radioen.

Det har nok gått litt nedover med responsen frå lyttarar på desse innringingsprogramma, men utan telefonvaktene hadde vi vanskeleg hatt kontakt med lyttarane. Av og til har vi temasendingar, då treng vi ikkje telefonvakter, men til opi sending er dei heilt nødvendige.

No står ein ny sesong for døra. Du som høyrer på Valle Radio. Neste gong det er opi sending, ta telefonen og ring inn svar på rebusen eller ei helsing, då blir telefonvaktene våre glade over å ha noko å gjere.

På bildet har Britta Lise fått med teknikar Liv Gunn Viki og programleiar Rolf Erik Homme. Dei andre er telefonvakter, men Jorunn Lund Harstad kan brukast til det meste. Eg ønskjer dei alle ein god ny radiosesong.

Jorunn Lund Harstad, Soveig Rysstad, Jorunn Helle, Ingeborg Åkre Løyland, Liv Gunn Viki, Ingebjørg Ellinor Rysstad og Rolf Erik Homme på planleggingsmøte for våren 2017
Jorunn Lund Harstad, Soveig Rysstad, Jorunn Helle, Ingeborg Åkre Løyland, Liv Gunn Viki, Ingebjørg Ellinor Rysstad og Rolf Erik Homme på planleggingsmøte for våren 2017. Foto: Britta Lise Homme

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *