Tilbud

Share

I denne etterjulstid er det mange tilbud. Januarsalg har starta med store rabattar, det er bare å ta seg ein kjøretur til næraste handlesenter og få oppfylt alle ønske til lågast mulig pris. Etter det eg kunne lese i Setesdølens første nummer i dette året var tilbuda så gode før jul at Black Friday øydela julehandelen.

Vi kom til å snakke om tilbud i dag, Reidun og eg. Då tenkte vi ikkje så mykje på dei gode tilbuda på kvitevarer og brunevarer som stadig kjem som vedlegg i aviser og blad. Vi har reservert oss mot reklame, så postkassen vår er ikkje full av tilbud.

Men på ein tur i butikken er det stadig tilbud på varer som går ut på dato i dag eller i morgon. Coop er litt kjiipne, dei har bare 40% rabatt, men Joker og Rema 1000 har 50%, og eg har gjennom åra vore flink til å utnytte tilbud på Joker i Valle. Etter at eg vart pensjonist er eg mindre på handletur, men tilbuda ser ut til å vere i butikkane, det har til og med vore fleire oppslag om det på TV.

Om ein kjøper noko på tilbud som ein skulle ha og som ein kjøper til vanleg, og som ein akkurat då trong, då sparer ein jo pengar. 40% på Coop, 50% i andre butikkar.

Men av og til hender det at ein kjøper noko på tilbud som ein elles ikkje ville ha kjøpt. Sparer ein då pengar eller taper ein dei pengane? Om ein kjøper tilbud med to for ein, der ein eigentleg bare treng ein, sparer ein då 50% når den ekstra varen blir liggjande i skapet?

Eg las nyleg om ein person som skulle ha to rammer til jul, men butikken hadde tilbud på tre til prisen for to, sparte ho då noko når ho tok tilbudet og plutseleg hadde ei ramme ho ikkje trong?

Vi vart sitjande ved bordet og filosofere. Det var halv pris på leverpostei på Rema 1000 i dag, det var visst fem pakkar. Men Reidun kjøpte ingen av dei, vi hadde leverpostei nok for både dagen og morgondagen og vel så det. Tente ho då 100 kroner som dei fem pakkane kosta eller tapte ho hundrelappen fordi ho ikkje nytta seg av tilbudet?

For å illustrere kveldens blogg tek eg med eit bilete av noko vi trong som var på tilbud. Hamburgerrygg er godt pålegg, ikkje minst om ein har sennep under og ost over og så steiker det litt. Då vert tilbudet kjempegodt. Nam, nam.

hamburgerrygg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *