Bispevisitas

Share

Onsdag var biskop Stein Reinertsen i Valle. Han hadde ein travel dag etter det eg kan lese i rapporten som var lagt ut: https://kirken.no/nb-NO/bispedommer/agder/nyheter/visitas-i-valle-og-bykle/

I kveldens blogg vil eg trekke fram det kyrkja skreiv om møtet med flyktningar i Valle:

Middagen hadde biskopen og hans fylgje saman med flyktningane i bygda på Internasjonal kafe. Her vart det servert gode rettar frå Burma, Syria og Eritrea.

-Valle kommune har teke i mot mange flyktningar. Eg er imponert over kor godt dei ser ut til å vere integrert, seier biskop Stein Reinertsen.

Samarbeidet mellom Vaksenopplæringa og Frivilligsentralen har ført til nokre språk-kafe-samlingar i det gamle menighetshuset. Dei har gitt møte mellom valle-folk og innvandrarar ei fin ramme og vore grunnlag for andre arrangement, både skitur og isfiske så vel som eit opplegg med handarbeidskveldar for kvinner. Til internasjonal kafé stilte dei opp med rikeleg mat og vonleg opplevde dei at innsatsen vart verdsett.

Samarbeidet med kyrkja har hatt som siktemål at det skulle bli ei plattform for integrering, og familiekoret har fungert slik. Men nye tider gir også nye utfordringar, det som fungerte for nokre år sidan, famnar ikkje alle som no er i bygda, så det er stadig trong for nye tiltak og nye folk som kan bidra i prosessen. Bildet under er henta frå omtalen av bispevisitasen, sjå lenka lenger oppe. Det er fleire bilete der, men namnet på fotografen var ikkje oppgitt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *