I dag fekk vi besøk av Siri Johannesen og då vart det ein god prat om radioen og om program både i fortid og framtid. Vi snakkar ofte om aktuelle idear til program sjølv om eg ikkje lenger er direkte med i Valle Radio, og det er koseleg.
Vi snakka og om lokalhistoriewiki, der Siri er mest aktiv som skribent for tida. Der har dei sett i gang eit prosjekt med misjonsforeningar og vil gjerne ha artiklar om dei mange misjonsforeningane som har vore i landet vårt opp gjennom åra. Ho har teke for seg nokre foreningar i Østfold. I samband med det har det og vore naturleg å skrive om bedehus. No er det 51 artiklar i kategorien Bedehus på lokalhistoriewiki, mellom anna ein litt større artikkel av Erik Kjebekk med tittel Bedehus i Evje og Hornnes. Noko av stoffet der kunne nok vore i den generelle artikkelen, for den er nokså tynn. Men lokalhistoriewiki er jo som wikiar flest avhenging av nokon som vil skrive.
I morgon har Siri dette programmet i Valle Radio:
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Jacob Trodahl
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live