To cm snø

Share

Eg trur det kom to cm snø i dag, det var 0 grader og så mykje vind at det blei sagt å følast som 14 kalde. Og mange var det som fraus og hutra i vegkantar rundt om her på Sørlandet. Alt tidleg var det to skulebussar som måtte i grøfta, ein på Skjernøy og ein på Tregdeveien, mellom oss og Jåbekk. Så vi fann det tryggast å halde oss heime og tære på det som var i kjøleskap og fryseboks. Til middag vart det lutefisk med tilbehør. Desserten orka vi ikkje før litt ut på kvelden, det var eplegrøt av epler frå eigen hage.

Det første snøfallet skapar visst alltid kaos på Sørlandet, det vart sagt at det tok tre timar mellom Mandal og Kristiansand i dag. Lastebilar og andre kjøretøy stod på kryss og tvers. Men heime var det snooker på TV, så vi hadde ingen grunn til å dra ut for å finne kveldens kulturtilbod.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *