Morsmål og andrespråk

Share

Eg sa tidlegare at eg ville skrive litt meir om refleksjonane eg gjorde meg etter at eg var med i ein konkurranse om å skrive artiklar relatert til språk på Wikipedia sist veke.

Dei folka som arbeidde med Norsk Ordbok, den store nynorske ordboka som kom ut i 2014, kom i kontakt med Herbert Chimhundu, ein lingvist og leksikograf frå Zimbabwe. Saman med han etablerte dei ALLEX-prosjektet for å lage ei ordbok på språket shona som er hovudspråk i landet og vert brukt av om lag 11 millionar.

Tidlegare var engelsk skulespråk i Zimbabwe heilt frå 1. klasse. Men etter at det kom ordbok og skulemateriell, er no opplæringa på morsmål til fjerde klasse. Etter å ha lese ein del om dette, kom eg til å tenke på ei oppleving et hadde då eg var rektor på Hadsel folkehøgskule. Vi fekk besøk av ein journalist frå Nigeria, han hadde gått på Sagavoll for mange år sidan og hadde sidan fått seg jobb som journalist i den største TV-kanalen i landet. Der las han nyheter på Dagsrevyen i Nigeria på engelsk. Så kom han heim om kvelden og då spurde hans gamle mor han kva han hadde snakka om på TV i kveld, ho hadde sett sonen på TV, men hadde ikkje skjøna kva han snakka om.

Slik er det altså i mange land i Afrika, framleis er kolonimaktene sitt språk dominerande, noko som gjer at folk får redusert forståing i høve til å bruke morsmålet. Det er ikkje så lett å rekne på eit framandt språk, men også matematikk og alle informasjonsfaga går på andrespråk.

Eg har mange gonger undra meg over kor sterkt dansk stod i Norge. Sjølv om vi var ein del av Sverige, reiste folk til København når dei skulle trykke bøker langt ut på 1800-talet. Det vart ikkje til at vi skreiv svensk sjølv om vi høyrde til Sverige frå 1814 til 1905. Dansk og norsk var så like at for oss var ikkje skriftspråket uforståeleg i høve til morsmål, slik som det er i Zimbabwe. Men det var ein tilsvarande jobb Ivar Aasen gjorde her i landet som Herbert Chimhundu har gjort i Zimbabwe. Å få lage ordbøker er første steg i å gjere eit munnleg språk skriftleg. Så får grammatikk og rettskrivingsreglar kome etterpå.

Å få sitt eige språk i skrift er frigjerande. I mange høve har det vore misjonærar som har gjort den jobben, både i Afrika og andre stader. Målet har vore at ein skulle gje Bibelen til folk, i tillegg har leseopplæring og skriveopplæring vore viktig for utvikling. Men framleis er det langt att.