Nå med podcast

Share
Foto: Britta Lise Homme

I dag starta ei nyutvikling på Setesdalswiki. Eg fekk ein telefon frå Jørund Georg Jore og vi snakka litt saman om å leggje lydfilene frå Valle Radio sine sendingar som lenker på Setesdalswiki. Vi har jo artiklar om programma i Valle Radio tilbake til 2010 på Setesdalswiki, så det tek til å bli ein del.

Etter at vi hadde snakka litt, prøvde vi oss fram, og plutseleg låg filene frå tysdagssendinga slik at vi kunne høyre dei. Etter litt vidare testing nå i kveld ligg no både tysdag og onsdag denne veka som podcast ein kan få tilgang til frå Setesdalswiki. Då kan ein høyre programmet og samstundes lese om dei som er med ved å klikke på lenkene.

Det blir ein stor jobb å få lagt inn alle desse bakover i tida, men vi får ta det smått om senn. Podcast har vore etterlyst lenge, og denne forma vil kreve at teknikarar deler opp filene, det har dei gjort for onsdagssendingane, men då eg var teknikar åleine, var det nok meir sjeldan at eg delte, så dei vil kanskje vere lange. Men vi får sjå kva vi får til etter kvart, i alle fall var det flott å kunne medverke til at dette kom i gang.

Du finn lydfilene under Eksterne lenker nederst på sidene. Når du opnar lenka, kjem ho opp i same fane som du står i, så du må ha ei anna fane open med same innhaldet for å kunne lese samstundes som du høyrer. Kan hende ordnar vi det slik at eksterne lenker automatisk opnar i anna fane, men det har vi ikkje gjort enno.

Her er lenkene til dei to første sendingane med podcast:

Tysdagssending i Valle Radio 20170321

Onsdagssending i Valle Radio 20170322