Mange slags dikt

Share

Tysdagskvelden var Lisbeth Dalquist Homme i Valle Radio med eit program der ho las dikt. Det vart ein triveleg halvtime og eg tenkte tilbake på den tida då NRK hadde programmet Poesitid. No er det programmet lagt ned, i staden har dei visst laga noko som heiter Diktafon. Men eit fast program med Lisbeth sine dikt, det hadde vore noko i Valle Radio ein gong i månaden.

Ho starta med å forelje historia om då Sivle og Garborg var på besøk hos Anders Hovden på Lista. Der laga dei ein konkurranse seg imellom om å skrive dikt der vår og lerke skulle vere med i diktet, og alle tre kom opp med kvart sitt dikt. Alle har fått tonar, men her vart dei lesne, det gjev ein annan dåm. Når Lisbeth les, får ho det til å bli så naturleg.

Deretter hadde ho ei avdeling om biblioteket. Først dikt av Marit Kaldhol, så Inger Hagerup og Anne Grimstad Fjell. Eg trur Lisbeth er spesielt glad i Jan Magnus Bruheim sine dikt, for her hadde ho med to av han, både Om alle tre var like og Hesten og musa. Så kom nokre dikt av Ruth Lillegraven før ho runda av med Leif Ofstad sitt dikt Ein kamp der våre vinn, eit skikeleg Trondheims-dikt. Ofstad var lærar til Lisbeth sin bror på Lilleby skole i Trondheim, fortalde ho.

Lisbeth les mykje, helst romanar, men ikkje krim, om det då ikkje er nynorsk krim av Trondheims-forfattarar, og det er ikkje mange slike, den einaste ho veit om er Idar Lind, fekk vi vite i programmet.

Utvalde dikt kan gjere seg godt på radio, så kanskje vi burde satse på å få fleire slike halvtimar seinare.

Foto: Reidun Haugland