Han står tidleg opp

Share

Geir står tidleg opp om morgonen, ofte har han hatt ei økt på Setesdalswiki når eg får meg frukost. I dag klokka halv ni runda vi eit nytt hundretal, artikkel nr. 87 400 var artikkelen om 31. mai 2017. Då skal det vere vårkonsert på i Evje kyrkje med musikalen Visst skal våren komme. Denne gongen brukte vi tre veker på eit hundretal, men vi veks, og bruken går heller ikkje nedover, snittet med besøk i mars til no er på 550 besøk kvar dag.

Medan eg før kunne sjå nederst på kvar side kor mange besøk det hadde vore, vart det teke bort då mediawikiprogrammet vart oppdatert for ei tid tilbake. Difor kan eg ikkje seie så mykje om korleis responsen har vore på at ein no kan høyre sendingane siste veke ved å trykke på lenkene nederst i artiklane om programma. Men då vi la inn lenkene, oppdaga vi at lenka på framsida var noko misvisande, så vi prøver å finne ein betre måte for at du kan finne fram til programma i Valle Radio. Det hadde eg tenkt å gjere i dag, men så vart det ein dag der kroppen ikkje ville spele på lag, så det måtte eg utsetje noko.

Men eg gledde meg over at mange likte innlegget frå i går om hekla hedebosaum. Når bloggen er skriven, vert han lagt ut på Facebook, og det innlegget fekk mange likerklikk i tillegg til ein kommentar frå Anne Randi Uppstad i Kristiansand om at ho laga hekla hedebosaum når ho sydde bunadskjorter. Eg måtte gå i ei av bunadsbøkene og leite litt, og der var det bilete av korleis kragen var pryda med denne saumen. Difor legg eg i kveld ut bilde av ein slik ring. Når den blir sett saman med andre, blir det ein fin blondekant.

Og når den eine artikkelen etter den andre kjem på Setesdalswiki, blir det eit fint leksikon!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *