Hedebosaum

Share

Tysdagskvelden var Sissel Østebømyr Helle i Valle Radio og fortalde om hekla hedebosaum. Det er ein type saum som har vore brukt på bunadskjorte i staden for nupereller eller kjøpeblonder. Saumen kjem frå Heden i Danmark, eit landområde på Sjælland mellom Roskilde og Køge. Medan saumen er uttrekksaum som kan minne om hardangersaum, er hekla hedebosaum heilt annleis.

Sissel fortalde levande om korleis ho hadde fått ei bok og sett seg til, ho ville lage det slik som mormor laga det. Ho hadde hatt eit kurs i Bykle for nokre år sidan, men ho meinte det var ikkje mange som laga slikt lenger. Torbjørg Aamlid Paus hadde laga det for sal, men elles visste ho bare om ei dame i Kristiansand som laga det utanom ho sjølv. Siri Johannessen spurde henne om det var ein raudliste-teknikk, og det var dei samde om.

Då eg høyrde henne fortelje, spurde eg Reidun om ho hadde noko slikt, og då dukka det opp ein løpar som låg under tv i stova, så den var ikkje langt vekke, den hadde ho kjøpt for femti kroner på ein bruktbutikk, nærast i sukk over alt det arbeidet den representerte og som no var til sals for ein slikk og ingenting. Men i tillegg fann ho noko ho hadde fått etter ein nabo som døydde og som dreiv med teknikken, der ingen i familien hadde interesse av å overta. Men ho hadde ikkje sjølv drive med det.

Eg tok eit bilete av korleis det tek seg ut når det er sett saman til ein liten lapp eller ei stjerne, alt etter korleis ein ser det.

Og tanken melder seg: Det er utruleg mange tema ein har vore innom gjennom 20 år i Valle Radio. Og fleire vil det bli. Nokre av dei har eg skrive om på bloggen, fordi eg ofte har teke utgangspunkt i programma i radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *