Mareritt opp Straumsfjødd

Share

Det var Ole Martin Aarst som meinte at det var eit mareritt å klatre Via ferrata på Straumsfjødd. Og etter bileta å døme var han ikkje åleine, då dei hang i fjellveggen, var det mange som både var svimle og redde. Men opp kom dei, og etterpå var gleda over å ha mestra klatringa stor.

Men god reklame for Via ferrata var det nok, truleg har mange vore inne på nettsida der i kveld. Eg såg også at Erik Berglihn lurer på å klatre turen tysdag, som første som klatrar den om vinteren. Men han er jo vant til slikt, så det er ei anna mestring.

Eg har mange gonger sagt at å gå til fjelltoppar er ikkje noko som fristar meg i det heile. At snøen som skulle kome denne helga, bare var nokre få cm her i Mandal, høver også godt for ein som likar best når han kjem ferdigmåka. Eg misunner ikkje folk i Lillesand og austover som måtte bruke sundagen til snømåking.

Eg har ikkje tidlegare sett 71 grader nord, og det var eit koseleg program, så kanskje eg klikkar meg inn og ser neste episode også, sjølv om det ikkje er kjente trakter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *