Når det høver slik

Share

No kan du høyre Valle Radio når det høver best for deg. Programma denne veka og sist veke vart podcasta, som det heiter på moderne språk, det vil seie at dei ligg ute på Internett og du finn dei ved å gå til sida for programmet på Setesdalswiki. Dermed kan du også sjå kva tema var og kanskje til og med finne meir interesseant stoff å lese.

Klikk på lenkene under

Tysdagssending 28. mars 2017

Onsdagssending 29. mars 2017

For deg som ikkje er så interessert i Valle Radio at du vil inn og høyre på programmet tek eg med ei historie eg las i Fædrelandsvennen laurdag. Det var Johs Bjørkeli som hadde hatt ein prat med Folke Nesland, munnharpesmeden i Bykle som vil stenge smia sjølv om han har 30 bestillingar. Johs skriv:

Alle som har bestilt, har måttet overbevise Folke om at de kan spille på munnharpe og ikke skal ha dem for å selge dem videre i butikk.

-Ei dame som skulle gifte seg ringte meg og lurte på om jeg kunne lage ei harpe med skrin som hun ville gi til mannen sin i morgengave. Da hun hørte at det ville koste tusen kroner, sa hun at det var for dyrt. Den mannen kunne ikke være mye verdt, humrer Folke Nesland.

Så låg eg ei natt og funderte litt på den soga, og plutseleg kom det nokre linjer:

“Når me e’ gipte, då må han have

ei Neslandsharpe i morgongave.
Når me e’ gipte, han vel kan slå
ein slått så vene på harpa då.”
Slik tala brura i telefonen,
ho vona Folke kunn’ lage tonen.
Men tusen kroner ho hadde ei,
det blei med draumen på livsens vei.
Men smeden smilte i telefonen
og gjekk i smia og smidde tonen:
Ein møter mange på livsens ferd,
den karen var ikkje mykje verd!
Foto: Wikipedia Commons

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *