Reklame på Setesdalswiki

Share

I går skreiv eg at vi skulle overføre kommunestyremøtet i Valle Radio i kveld. Men det vart tekniske problem, så det vart inga sending i kveld.

I dag dukka det opp eit brev med tilbod om reklame på Setesdalswiki. Nettleksikonet og bloggen er ikkje heilt fritt for reklame, nede i venstre kant dukkar det opp små annonsar frå Google. Om du klikkar på ein slik annonse, går det eit øre eller to inn på ein google-konto. Tanken er at det skal dekke kostnadene til domenet, men det gjer det ikkje, for det er ikkje så mange som klikkar på annonsen når dei er inne på ei side. Vi får inn litt under ei krone på ein dag, så då skjøner du at årsinntekta for Setesdalswiki ikkje er som hos fotballfrue eller andre bloggar,

Difor kunne det vore interessant med reklame, men då vi såg kva det var tilbod om å få av reklame, takka vi nei. Hovudsaka var reklame for betting, altså tipping og veddemål. Men det er strenge reglar for slik reklame i Norge, det er jo ein grunn til at den reklamen kjem på utanlandske kanalar på tv. Og vi tenkte at det ikkje er nokon grunn til å assosiere seg med dette, vi driv ikkje leksikon og blogg for å få pengar, men for å opplyse folk om Setesdal og relaterte tema. At leksikonet veks ut over nærområdet er vel bare noko som skjer ved at tema dukkar opp og vi får lyst til å skrive.

Så langt har vi klart å dekke utgiftene til drifta utan tilskot eller store reklameinntekter, det vonar vi å kunne klare også i tida som kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *