Stev og slikt

Share

I går skreiv eg det eg trudde var eit litt morosamt dikt på bloggen, basert på noko Johs Bjørkeli hadde skrive i Fævennen laurdag. Truleg tok eg feil av publikum, det kom ikkje ein einaste reaksjon om eg ser bort frå Ørnulf Hasla, som eg reknar med likte det eg skreiv fordi det var lenker til lydfilene frå programma i Valle Radio denne veka.

Då eg skreiv ovanståande på Facebook i dag, kom det nokre like-klikk, så kan hende er det nokon som har lese bloggen min frå i går i løpet av dagen, men dikta mine var nok ikkje så ekstremt fengande. Eller så kom dei på feil tid, kva veit eg:

Han sukka litt på si facebook-side,

eit stev må kome i rette tide.
Den tid var ikkje ein onsdags kveld,
men meir han diktar nok likevel.
Eg veit ikkje om det er så mange som held stevdiktinga ved like lenger. Blir det laga nye stev i særleg grad, eller er det repetisjon av dei gamle som gjeld? Då Jol i Setesdal kom ut første gongen, var det eit særsyn med alle steva frå annonsørane, og den tradisjonen har ein halde på. Men før hadde vel alle annonsørane stev, no er det mange som droppar dei.
Så veit eg at det nok må lagast mange dårlege før det kjem nokre gode, men slik er det jo, øving gjer meister.
Foto: Brit Obrestad

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *