Tur til Luther-land

Share
Torget i Wittenberg. Foto: Wikipedia

Sist i mai skipar kyrkja i Valle og Bykle til tur til Luther-land. Då vil dei besøke stader i Tyskland der Luther levde og verka. I artikkelen i Setesdølen tysdag fortel Henrik West at dei skal besøke både Eisleben i Sachsen, der han var fødd, og Thüringen, der han studerte og vart munk.

I 2000 var vi på tur til Tyskland og besøkte Wittenberg, der han slo opp tesene på døra til slottskyrkja. Vi var også til Leipzig og var på konsert i Bach sin by, det var ei stor oppleving.

Turen i mai skal gå med Risdal Touring sin buss, kanskje den nye dobbeldekkaren om det blir mange, kva veit eg. Men for knappe 7000 kroner blir det ein flott tur, det er eg sikker på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *