Buss-skur og konkurranse

Share
Nytt leskur til Setesdal. Foto: Sian O’Hara

No har eg fleire gonger skrive om buss-skur og problemet som folk som reiser med buss har når dei ventar i Valle. Eg kan ikkje seie at det har vore nokon respons på innspela mine, det har vel verka som om ingen har hatt ansvar. Til og med i julebordsongane har det vore tema for eit vers nokre gonger. Slik skreiv eg det siste gongen:

Men ventebu i Valle me framleis ventar på
og den som skal med bussen må våt i regnet stå.
Men no har det vore konkurranse om ventebuer langs setesdalsvegen. Den konkurransen var det THA Arkitekter på Hornnes som vann. Erick Thomas Allende hadde eit interessant foredrag på Setesdalskonferansen 2017 om Trearkitektur – gamal tradisjon med nye moglegheiter.  Det var eit interessant foredrag som synte ein arkitekt som var oppteken av å tilpasse gammalt og nytt.
På Facebook har diskusjonen gått om buene er fine eller ikkje, og mange meiner at det bare kan vere lafta ventebuer i Setesdal. Andre synest det var flott å få noko som gav brukarane utsyn. Dermed slapp ein å risikere at bussen for forbi, sjåføren såg om det var folk, og folk kunne fylgje med trafikken.
Ettersom det er mykje glas, spår folk at det vil bli tagging, ikkje av folk i Setesdal, dei taggar ikkje, men av byfolk som kjem forbi. For meg verkar det flott å få nye og funksjonelle ventebuer, i alle fall der det ikkje er slike langs vegen. Etter mi meining bør Valle sentrum vere staden den første kjem på plass.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *