Eit tankekors om hardingfele

Share

Sjølv om det i Setesdal har vore ein lang tradisjon når det gjelde hardingfelespel, ser det ikkje ut til å ha vore mange som bygde eller reparerte hardingfeler i Setesdal.

Likevel har eg lagt ut ei liste over hardingfelemakere på Setesdalswiki. På den fann eg Torleiv Frøysaa frå Iveland/ Hornnes, og fann nok stoff til å lage ein liten artikkel om han. Også broren Knut bygde instrument, men det var visst fiolinar.

Ein av dei mest kjende hardingfelebyggjarane er Gunnar Røstad frå Øvrebø. Han heldt til i Oslo. Det er skrive ein bok om han, Gunnar Røstad, hardingfelemakeren. Den kom i 1997, men Vennesla bibliotek hadde den, så eg fekk den i handa, og slapp å lese den på nettet. Det er eit gripande portrett av ein kunstar med hendene, som også var musikar.

Men paradokset og tankekorset er altså at det har vore så lite felebygging i eit miljø som har brukt fela så mykje. Det har jo vore motsett med munnharpa, der har smiing i Setesdal vorte eit kvalitetsteikn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *