Etter påske

Share

Denne påska valde eg å ikkje vere så aktiv med skriving. No ligg ei heil veke utan blogging bak meg, og det har vore både godt og rart. Når ein ikkje skriv, får ein ikkje respons, og det er alltid moro å vakne til litt respons om morgonen. Men så har det vore godt å ikkje skrive også, vonleg har det gitt litt lyst til å ta fatt att no etter påske.

Før om åra har eg sett meg i bilen 2. påskedag for å dra til Valle, det slapp eg i år. Før om åra har det gjerne vore litt planlegging av program i radioen etter påske, det slepp eg også i år. Siri, som var i radioen begge påskesendingane, har vald å ikkje ha tysdagssending no etter påske, så det første som kjem no, vert onsdag med Øyvind Jacob. Setesdølen brukar å ha tysdagsavisa på onsdag etter påske, så han kan få med annonse i avisa om han raskar på i morgon tidleg. Nokon må kanskje minne han om det.

Til vanleg hadde eg gjerne ein prat med Ørnulf om korleis påskebasaren hadde gått når eg hadde sending tysdag etter påske. Alle visste det jo, men det var greitt å ha med likevel. I år trur eg at det ikkje vart like mykje pengar som i fjor, men 207.000 kroner er ikkje dårleg resultat på to dagars maratonsending. Sjølv høyrde eg ikkje anna enn litt seint på skjærtorsdag, og då var det triveleg å høyre på. Gratulerer til vinnaren, UTA Uppstad Transport og Anlegg ved Tor Vidar Uppstad. Eg hadde nok tenkt at han hadde dalebukse, så kan hende vert det ikkje noko sauming i år. Då er det godt å ha den alternative premien på gåvekort frå ein eller fleire av sponsorane som vinnaren kan velje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *