Fasteaksjonsinnsamling

Share

I dag var det årsmøte i Valle Radio. Det får eg kome tilbake til når eg har fått meir informasjon, men eg hadde ein prat med Ørnulf Hasla og han var godt nøgd med både kveldens program og oppmøtet.

Sjølv fekk eg vere med på noko eg ikkje har vore med på før. Reidun har i mange år vore kontaktperson for fasteaksjonen si innsamling til Kirkens Nødhjelp her i området og hatt ansvar for ei rute. I Mandal samlar konfirmantane inn pengar til Haydom hospital i Tanzania, difor er det ikkje som elles i landet at dei er med på fasteaksjonen. Her må andre ta turen, og her i grenda er det altså Reidun.

I kveld fekk pensjonisten vere med som sjåfør, tidlegare år har eg vore i Valle når den innsamlinga har gått, det har som oftast vore ein tysdagskveld, trur eg, for eg opplever at eg har vore i radioen desse innsamlingskveldane tidlegare. Ein skulle tru det var ein rask jobb med bil, men vi brukte to timar, og det var bokstaveleg talt ein tur mellom bakkar og berg. For her i området er det mange små kollar og knattar og folk likar å bygge hus på desse. Difor er det små stikkvegar frå hovudvegen og opp den eine kneiken etter den andre.

Slik kom eg på stader eg aldri har vore, sjølv om dei er å rekne som naboar og eg har hatt adressa mi her i mange år no. Men når ein ikkje er barnefødd, er det jo ikkje slik at ein trør inn i vegen til folk om ein ikkje har noko der å gjere. For Reidun, som vaks opp her, verka det som om kvar sving hadde eit minne: -Her er dammen vi gjekk på skeiser, der budde den, no er det barnebarnet som bur her. Kommentarane kom når eg spurde, og eg kunne ikkje anna enn å bli imponert.

Reint vatn, det var etter det eg har fått med meg, målet for mykje av fasteaksjonen i år. Vi har vatn i overflod og tenkjer knapt på problema mange har med å skaffe reint vatn. Men det er eit stort helseproblem mange stader. Vi opplevde at folk ga om dei hadde kontantar og la att lapp som dei kunne bruke for å sende elektroniske pengar til dei som ikkje hadde. For vi blir meir og meir eit kontantlaust samfunn, det er praktisk og greitt, sjølv om vi ofte blir minna om at det ikkje er heilt risikofritt å la alt ein tener bare vere tall i eit digitalt system, for kor er pengane om nettet går ned?

I kveld var det bare skattemeldinga som ikkje fungerte, vonleg fekk folk vippsa eller springa eller mcasha pengar til fasteaksjonen. Vi leverte bøssa til ein nabo som hadde ei anna rute og som etterpå skulle ta det med til banken i sentrum for opptelling. Eg hadde tenkt å få ta eit bilde av kona på tur, men plutseleg hadde ho levert frå seg bøssa til naboen som sykla vidare, så der vart eg lurt. Men dei beste bileta lagar vi i hovudet, så du ser oss nok i bilen på veg opp ein kneik når du les dette.

-Er du konfirmant i år også, sa ein av dei ho møtte på vegen. Ein hyggeleg prat og litt i bøssa, og så gjekk turen vidare. Takk til alle som gav, for vennlege møte og medkjensle med dei som har mindre enn oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *