Kommunestyremøte april 2017

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Det vart overført i Valle Radio, så folk kunne få det med seg.

PS 18/17 Referatsaker

RS 12/17 Protokoll frå ekstraordinært representantskapsmøte i Setesdal brannvesen IKS 22.03.2017

PS 19/17 Førespurnader

PS 20/17 Skule – SFO og barnehagestruktur

PS 21/17 Rekneskap 2015 og 2016, Øyne Industribygg Valle KF

PS 22/17 Dagleg leiar og rekneskapsfører for Øyne industribygg Valle KF

PS 23/17 Etablering av KØH døgntilbod i Valle kommune

PS 24/17 Omklassifisering av dyrka mark

Til den siste saka var det to gjester frå Agder Revisjon for å svare på spørsmål. Men ingen stilte spørsmål, det var bare Tarald Myrum som hadde ein kommentar før saka vart banka gjennom.

Det same vart dei andre sakene, det var bare skulesaka som fekk folk til å kome med innlegg. Innlegga var frå Hans Olav Omnes og Sissel Åkre i Venstre, dei har på programmet at dei vil legge ned Hylestad skule, men dei vart ståande aleine. Åse Ingebjørg Flateland hadde også ordet, ho støtta innstillinga frå formannskapet og dermed klubba ordføraren. Resten var plankekjøring, og så var det to spørsmål som ordføraren svarte på. Så møtet var ferdig 18.40, noko som nok skuldast at Lasse Eidskrem frå Visit Setesdal skulle ha vore der med ei orientering, men han dukka ikkje opp.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *