Mot til å satse

Share

Mot til å satse var mottoet for Setesdalskonferansen 2017. Då eg kom til Revsnes Hotell klokka 10.50, var det fullt med bilar alle stader, det var 115 påmelde til konferansen. Ikkje alle var til stades då konferansen opna klokka 12, men det var i grunnen heilt fullt i salen likevel.

Uwe Arnzen ønska velkommen og minna om at samhanling er å gjere kvarandre gode og at han heilt frå han var liten hadde fått innprenta at Viljen til å ville skaper evnen til å kunne.

Den første foredragshaldaren var Bergtor Haugå som fortalde om bakgrunnen for Ose Waters. I Singapore er det ein marknad for norsk vatn, så han verka trygg på at satsinga på å få til vassproduksjon på Ose skal lukkast, for han meinte at i Asia har dei sans for norsk vatn.

Så var det Anders Lindhom sin tur. Han fortalde om Fjordservice Flekkefjord og bedriftene som etter kvart har blitt etablert i med utgangspunkt i selskapet. Nokre har dei tent pengar på, andre har dei tapt på. Men totalen er at dei har tent pengar og skapt arbeidsplassar over heile landet basert på oppdrett av rognkjeks som fisk til å ete lakselus. Dei har til og med fått konsesjon for oppdrett av 600 tonn aure i Sirdalsvatnet.

Då tenkte eg, der eg sat i konferansesalen på Revsnes og såg ut over fjorden, at dei kanskje kunne få til noko med bleke i Byglandsforden også. Men vi fekk ikkje høve til å kome med spørsmål, så det vart med tanken. Om nokon les bloggen og fylgjer opp ideen, står att å sjå.

Etter ei slik inspirerande gründerhistiorie, dei starta i 2010, kom Innovasjon Norge sin sjef i Agder, Sveinung Hovstad, for å fortelje om verkemiddel dei har. Han følte det litt vanskeleg, i fjor kom han etter Finn Schjøll, i år kom han også etter eit inspirerande innlegg. Men han presenterte trendar og tankar og minna om at innan helse og omsorg er det svært lite privat tenesteyting på landsbasis. Wenche Fresvik supplerte han med å fortelje at Innovasjon Norge og næringsapparatet ville ha ei spesiell satsing i Setesdal i veke 19.

Etter desse kom så Trond Madsen frå NHO og minna om paradokset i at vi no har ein finansminister frå Frp og 52% offentleg verdiskaping, vi er på veg mot kommunisme. Då Norge hadde finansminister frå SV, var offentleg sektor 44%. Verdiskaping skaper velferd, lønnsomme bedrifter skaper velferd. Det eigentlege næringslivet er eigarar som tek lokalt samfunnsansvar, ikkje dei multinasjonale selskapa, sa han før han synte avisoverskrifta som fortalde at Bykle er Sørlandets innvandrerkommune, og der får dei jobbar også.

Med det var første økt av første dag over.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *