Næringsliv i Setesdal

Share

I morgon startar Setesdalskonferansen 2017. Den har rekordpåmelding, og ulikt tidlegare år, har det etter det eg høyrer ikkje vore ringerundar for å få folk til å melde seg på i år. År om anna har det vore naudsynt, mellom anna fordi folk har vore trege til å melde seg på, sjølv om dei har tenkt å delta.

Sjølv var eg med første gongen i 2009, det var det året eg vart utfordra til å lage Setesdalswiki. Kva det skulle bli, visste ingen den gongen, og truleg er det blitt noko anna enn ein hadde tenkt seg, for noko av målet var jo å få med litt om næringsliv og næringsfolk i Setesdal, og framleis er det svært mange røde lenker i lister over deltakarar både når det gjeld folk og firma.

Men tross alt, så har nettleksikonet vakse fram og blitt eit stort oppslagsverk for Setesdal, men etter kvart også for stoff relatert til Setesdal og indre Agder.

Imidlertid skulle eg ønske at vi kunne få meir næringslivstoff i nettleksikonet. Kan hende kunne vi auke det noko i før neste Setesdalskonferansen. Det ville jo vere eit mål.  No har vi omtale av vel 300 bedrifter i dei fire setesdalskommunane, eit mål kunne jo vere å få artiklar om 500 til neste år.

Om eg kunne klare å motivere for eit slikt mål når eg møter næringslivsfolk i morgon, kunne vi kanskje nå det saman.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *