Repetisjon

Share
Foto: Øystein Berg

I kveld repeterer eg temaet frå i går. Ein telefonkiosk kan vere ein fin plass å ha bøker som publikum kan ta med seg.  Dei kan låne bøkene og setje dei tilbake, eller setje inn ei anna bok i staden for den dei lånte.

I Valle finst det ein slik telefonkiosk, den står tom og ubrukt, men kunne godt få eit nytt liv. På muren til biblioteket sin kjellar kunne det vere ein plakat med informasjon, ein trong ikkje eingong setje plakaten på kiosken, om den skulle skånast for slikt.

Det går ganske mange folk i den bakken mellom Husfliden og sentrum, så mange folk ville sjå den. Nokre ville ta med seg eit slikt suovenir og tenkje at dette var ei vennleg bygd. Ho kan ikkje måle seg med Fredrikstad, der dei har gratis transport på elva, men sanneleg er det ikkje langt unna.

Eg fekk Øystein Berg til å ta biletet, slik at du som les bloggen kan sjå det sjølv. Leonhard Jansen visste ikkje om noko fredning av kiosken, så kvifor ikkje ta den i bruk til noko nyttig?

 

Kreativt

Share
Foto: Lisbeth Dalquist Homme

Vern gjennom bruk er eit motto i mange samanhengar. Hus har vondt av å stå ubrukte, det er betre dei blir tekne vare på gjennom bruk.

Desse tankane fekk eg då eg såg biletet som Lisbeth Dalquist Homme la ut på Facebook etter turen med Henrik West til Luther-land. For ho fekk med seg bibliotekrelatert stoff, og hadde funne det som såg ut som ein telefonkiosk, noko dei kalla Bücherzelle, bokcelle var kanskje ei høveleg omsetting.

Her hadde dei samla bøker som folk kunne ta med seg, låne og sette tilbake, eller kan hende sette inn ei anna bok i staden. Gratis, kostenlos, som dei vel ville seie.

Då tenkte eg på den telefonkiosken som står utanfor biblioteket i Valle, mellom biblioteket og Coop. Den kunne sikkert nyttast til noko slikt, dersom biblioteket enno kasserer bøker då. Kan hende dei har gjort unna jobben for ei stund.

I dag var det eit innslag på TV om at folk framleis likte å lese bøker, e-revolusjonen hadde ikkje slått til slik mange hadde trudd den ville. Så med eit høve til å få med seg bøker frå telefonkiosken ville det vere bruk av den verna kiosken som framleis står der.

Mai kultur

Share
No går isen på Eislamsvatnet. Foto: Rune Gunnerød

Så er vi komne til siste sending i mai 2017. Mai kulde gjør bondens lader fulde, heiter eit gammalt ord, og årets mai skulle vel borge for god avling, for den trur eg var kaldare enn vanleg, sjølv om dei siste dagane nok endra noko på det.

Her er programmet for morgondagen i Valle Radio:

Tysdag 30. mai
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein om håp
18.15 Over ein open Bibel med Eivind Jåtun

18.30 Klangohalvtimen
19.00 Møteplassen
19.30 Nytt frå regionrådet – Jon Rolf Næss

20.00 Aktuell halvtime med Arne Holskog frå Helle Herberge  og Stig W. Ågedal-Mortensen frå Setesdal Folkehøgskule

20.30 Postludium med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Som du ser er det god grunn til å få med seg mai kultur frå Valle Radio.

 

 

Fascinerande

Share
Foto: Jarle Vines/ Wikimedia Commons

No har det vore ti dagar med sykling på TV. I dag slutta Tour des Fjords, sykkelrittet som starta i Valle i 2013. Vi hugsar arrangementet i sentrum av Valle kvelden før, og det høljande regnveret dei hadde då dei starta dagen etter. Eg har mange gonger snakka om farten dei hadde gjennom sentrum, eg hadde planlagt å ta eit bilete, men eg fekk knapt opp vinduet i bilen før dei var forbi.

I dag starta det i regn i Stavanger, men etter kvart turka det opp. Det var også vind, noko som prega rittet. Det var ikkje mange som trudde at Edvald Boasson Hagen skulle klare å vinne totalt, men det gjorde han, som den beste norske syklisten i feltet.

Overskrifta i kveld er Fascinerande. I går og i dag har rittet gått i kjente trakter for ein rogalending som meg, eg har kjørt mange av dei strekningane sjølv, til og  med sykla nokre av dei i ungdommen. Det er alltid interessant å sjå heimetrakter på TV, så det i seg sjølv var fascinerande.

Men i kveld vil eg peike på entusiasmen til kommentatorane. Dag Otto Lauritsen er alltid like optimistisk motiverande anten det er tomatsuppe eller agurksnaps han smakar på eller det er oppmunting til unge som spring palleløp på Ganddal.

I kommentatorboksen sit Johan Kaggestad med eit vell av sykkelinformasjon, noko som gjer at ein toler hyppige reklamepausar for å få med seg stoffet. Det er også fascinerande. Eg lurer mange gonger på kor dei tek entusiasmen frå, dag etter dag i timevis på tv for at vi skal få god underhaldning.

Takk!

Hva tenker du på?

Share
Foto: Graham Grinner Lewis (Wikimedia Commons)

Facebook vil at jeg skal dele tankene mine hos dem, og noen ganger er det all right. I dag fant jeg et bilde på Wikimedia commons. Det var kalt Scenery above Hovden og lå i kategorien Bykle. Men hvor var det og hvilket vann så vi i bakgrunnen?

Da tenkte jeg at jeg kunne spørre på Facebook, og jeg fikk svar av Knut Høgevold: Trur det er Hartevasstjønn i bakgrunnen og så ser ein alpinanlegget i det fjerne i høgre biletkant. Da kunne jeg gå på yr.no og finne det: Hartevasstjønni

Etter at jeg hadde funnet det, kunne jeg skrive artikkel på Setesdalswiki og bruke bildet.

Grunnen til at jeg fant bildet, var at jeg var på leiting etter bilder fra landskapsvernområdene og naturreservatene i Setesdal. Det går en konkurranse på Wikipedia om å skrive om dette nå, og den har jeg vært med på. Men å finne bilder av disse områdene har vært temmelig umulig. Heldigvis hadde Geir Daasvatn noen bilder han kunne laste opp fra Evje og Hornnes, men det er over to tusen naturreservater i Norge, og de færreste har bilder som kan brukes på Wikipedia. Konkurransen når det gjelder bilder varer til 15. juni, så om du har noen bilder fra naturreservatene i Setesdal du kan laste opp, vil de kunne legges inn i artiklene der.

For at bildene skal kunne legges ut på wikipedia, må de være frie og det er best om den som har tatt de, laster dem opp. For Setesdalswiki har jeg et litt mer løst forhold, der bruker jeg bilder fra Setesdølen eller når jeg finner noen interessante gamle bilder på Facebook. Til nå har det gått bra, om noen ikke liker det, sletter jeg dem heller. Men det går ikke på Wikipedia, der må man følge bestemte regler.

Derfor tenker jeg at om noen av de som leser bloggen min, og som er glade i å gå i skog og mark, har bilder fra naturreservater i Setesdal eller andre steder i landet, så hadde det vært flott om de delte bildene slik at de kunne brukes i artiklene. Til nå er det opprettet 49 nye artikler om verneområder, men bare et fåtall har bilder.

 

 

Takk for framsida

Share

Setesdølen for tysdag 23. mai 2017 kom som vanleg i posten den dagen. Det er einaste avisa denne veka. Også sist veke var det bare ei avis, då var det 17. mai som la seg i vegen. Men neste veke er det normal produksjon att.

Det var eit problem med å få lagt framsida ut på nettstaden til avisa denne gongen, det er ikkje ofte slikt skjer, men i dag låg avisa der, og då kunne eg kopiere biletet inn i Setesdalswiki sin artikkel om Setesdølen nr. 37, 2017. Så får det heller våge seg at dei bomma på nummereringa denne gongen, på biletet står det 36, men det er 37. Gerd har lova å rette det opp til neste nummer.

Framsida på Setesdølen hadde fire flotte bilete denne gongen. Arne Holskog, Birgit Lidtveit, Trygve Rysstad og Inger K. Rysstad har takka vere den framsida også fått bilete på Setesdalswiki. Bilete av Otra Kraft sin kulturprisvinnar Tiril Beate Heia hadde eg alt funne på facebook, så det trong eg ikkje klyppe ut. Det er slett ikkje kvar gong eg tek meg umaken med å klyppe ut frå avisa, men det er godt å kunne gjere det og slik gjere Setesdalswiki sine artiklar meir informative.

Difor er det flott å få framsida på avisa lagt ut på nettet. Mange ville nok likt om Setesdølen hadde meir stoff på nettet, slik dei fleste avisene har. Men redaktøren har ikkje gjort som dei fleste andre i denne saka. Han seier at om dei skulle satse på nettavis, måtte dei ha fleire folk, og nettavis gjev ikkje same inntekt som papiravis. Difor har han vald å gå mot straumen enn så lenge, sjølv om han i ein leiar for ei tid sidan erkjent at også Setesdølen må fylgje med tida og finne ei form for nettpublisering.

Setesdalswiki er kan hende noko som fungerer som nettavis for Setesdølen. Du får ikkje lese sakene slik dei er publiserte i avisa, men ut frå artiklar der lagar vi stoff om folk i Setesdal. Men vi lagar ikkje særleg mykje om hendingar, så det stoffet er avisa aleine om. Dermed utfyller vi kvarandre. No har avisa også med fødselsdagane til folk som er omtalt på Setesdalswiki, så det syner også korleis samarbeidet er eit gode for begge partar.

Visste du at….?

Share

Alt i 1971 var det gjort arbeid for å verne Vidmyr, naturreservatet på Hovden som har status som svært viktig myr, til og med i internasjonal målestokk.

Eg oppdagar stadig nye ting når eg arbeider med det temaet som eg har vald for denne veka. Asbjørn Moen var opp gjennom dalen i 1971 og 1977 og registrerte myrer som kanskje kunne vernast. På Vidmyr registrerte han hundre ulike planter.

Kan hende er det grunnen til at dette området har fått ein skjøtselsplan, tiltaksplan eller kva det no heiter. Visste du det?

Variasjon

Share

Variasjon er alltid fint. Det høyrer vi ofte når vi snakkar om jobb, mange seier at det er godt å ha ein jobb der ein kan variere på arbeidet.

Slik er det også når ein er pensjonist og har til hobby å kunne skrive leksikalske artiklar om litt av kvart. Eg har ein lang periode konsentrert meg mest om å skrive på Setesdalswiki, men den siste tida har eg variert meir og skrive ein del også på Wikipedia. Det er fint å bryne seg litt på emne som ligg utanom Setesdal, men denne veka har eg også kunna skrive om Setesdalsrelaterte emne. For Wikipedia har ein konkurranse gåande om verneområde, og då er det jo mykje å skrive om også i Setesdalsregionen.

Eg nemnde tidlegare at det første verneområdet i Aust-Agder var ein skog på Evje. Den er 100 år i år. Men dei største områda som er verna i Setesdalskommunane utanom landskapsvernområda Setesdal Vesthei og Hovden, er myrer. På 1980-talet vart det laga verneplan for myr i Aust-Agder, og der finn vi Storslåtta i Evje og Hornnes, Veststedjan i Bygland og to myrer i Iveland. Seinare kom Lislevatn og Vidmyr i Bykle og Kyrelitjønn i Valle. I alt var det visst 17 myrområde som vart verna i Aust-Agder. Det skal eg kome tilbake til når eg får meir informasjon.

Målet mitt er at eg skal ha skrive artiklar om alle verneområda i Setesdal på Wikipedia denne veka. Deretter får eg skrive dei artiklane som manglar på Setesdalswiki. Vi hadde artiklar om fleire av dei naturreservata som mangla på Wikipedia, det hadde Geir Daasvatn hjelpt til med, så dermed hadde eg eit godt utgangspukt for å finne stoff. Nokre av Geir sine fine bilete er også kome med i nokre av artiklane.

Men eg har ikkje heilt pause frå Setesdalswiki heller denne veka. I går kom artikkel nr. 87700, det var overskriftene i Setesdølen for i går. Men avisa hadde ikkje lagt ut bilete av framsida, så det manglar der, men vil vel kome etter kvart.

Vil du lese om naturreservata i Setesdal kan du, finne dei her: Verneområder i Aust-Agder. Gå ned til kommunane i Setesdal, der finn du det eg har skrive så langt.

Stas

Share

17. mai pyntar landet seg i sin finaste stas, vårgrønt og fint. Det same gjer folka som bur i landet, då kjem bunadane fram og sylvet glinsar.

Det er blitt ein fin skikk å dele ut kulturprisar denne dagen mange stader. Det er ein fin dag å gjere ekstra stas på folk som har lagt ned arbeid for kultur i lokalmiljøet.

I dagens Setesdølen var det omtale av slike hendingar i dei tre øverste setesdalskommunane. I Bykle fekk Birgit Lidtveit kulturprisen for bunadssauming og i Valle fekk Inger og Trygve Rysstad prisen for arbeidet relatert til sylvsmedtradisjonar, matkultur og folkemusikk. I Bygland var det ikkje kommunalt stipend, men desto større, heile 30.000 kroners stipend til Tiril Beate Heia, som er ung og lovande kunstnar.

Vi gratulerer alle saman, du kan lese meir om dei på Setesdalswiki.

Tiril Beate Heia fekk Otra Krafts kulturstipend av Leiv Rygg

Postludium 23. mai 2017

Share

Niklos K. Besteland brukar å sende meg programmet for Postludium, men etter at vi slutta på få post på laurdagane, er det ikkje alltid eg får det med når eg legg ut programmet. Men her er programmet for tysdag 23. mai. Det relaterer til Kristi Himmelfartsdag og har tre korverk og to orgelverk.

  1. Tomas Lois de Victoria (ca. 1548/1550-1611): Ascendens Christus. Motett for 5-stemmig kor. Prager Madrigalisten. Dirigent Miroslav Venhoda
  2. Peter Philips (ca. 1565-1635): Ascendit Deus. Motett for 5-stemmig kor basert på Salme 47. Roskilde Domkirkes Drengekor. Dirigent Finn Evald
  3. Charles Villiers Stanford (1852-1924): Caelos ascendit hodie. Motett basert på Salme 47. Choir of St. John’s College i Cambridge. Dirigent Christopher Robinson
  4. Olivier Messiaen (1908-1992): Transports de joi d’une ame devant la gloire du Christ qui est la sienne. Wolfgang Oehms på orgelet i Trier Dom
  5. Ludvig Nielsen (1906-2001): Jeg ser deg, o Guds lam, å stå. Komponisten spelar på orgelet i Nidarosdomen.