Turløyper

Share

I kveld var Tarald Myrum frå Valle Aktiv og Henrik West i Valle Radio for å fortelje om planar om turløyper. Det vart ein interessant time. Her kunne både innfødde og tilreisande få informasjon og vite noko nytt, altså radio av beste merke.

Tarald sa noko som eg la merke til. -Vi som er frå bygda her, nyttar vårt eige område og er i grunnen ikkje så kjende andre stader i bygda. Når vi er turistar, kan vi gå til toppar både i Norge og på Kanariøyane, men heime brukar vi det område vi kjenner, då er vi ikkje turistar.

Henrik West, organisten i Valle og Bykle, har budd to år i Valle. I den tida har han vore ein flittig brukar av fjellet og etter kvart kjenner han kanskje området betre enn mange som er frå Valle. For han har spurt seg fram og funne stiar og vegar ein kan bruke for å kome opp på fjellet. Han var kritisk til dei to løypene Turistforeninga har frå Valle og opp på heia, dei var både attgrodde og myrlendte. Folk likar jo ikkje å brøyte seg veg gjennom skog og kratt når dei skal på tur. Dei likar heller ikkje å gå i myr, men dei likar å kome på opne plassar med god utsikt.

I programmet fekk vi høyre at han har tenkt at det kan vere mogleg å lage turløype frå under Einang, ein går opp på baksida av det kjente fjellet, men i staden for å gå til høgre og opp på sjølve Einang, svingar ein til venstre når ein har gått ei stund, Då kjem ein opp på Hommfjødd, der er det utsikt både nordover og sørover, det er mest som å gå på ein egg før ein kjem opp på flata. Og så kan ein gå ned i Laugardalen og kome til Homme, eller halde fram på heia heilt fram til Tveiten. Den korte turen opp på Einang er bare ein til to kilometer, men den lange til Tveiten er kan hende nærare tretti kilometer.

Ein annan tur han hadde funne var frå Skafsåvegen til fjellet over Lunden, det er ein kort og fin tur på tre kilometer kvar veg. Då kjem ein over Gloppefossen og får eit flott syn. Ein annan tur var frå rasteplassen på Honnevje til Berg i Valle, eller motsett, via Masta og vatna på toppen av Nomelandsfjødd.

Planen er å samle desse turane i eit hefte eller på ark, merke løypene med blå merker, fortelje folk kor langt det er, kor vanskelege dei er å gå og annan informasjon som kan vere relevant. Dette er noko av det som Valle Aktiv arbeider med å få til.

Men før ein kan få det til, må ein jo lage avtalar med grunneigarane og det er ofte mange grunneigarar involvert sjølv i korte løyper. Dette såg nok Tarald for seg at det kunne vere hans oppgåve, men begge meinte at slike løyper kunne bli av god verdi for bygda. Turistar stoppar og blir verande om det er noko å finne på saman. Kvifor må danskar reise til Sunnmøre for  å gå i fjellet? Eller til Hemsedal? Det er betre med ein kort tur til Setesdal for ungar som ikkje likar lange dagar i bil.

Om du ikkje fekk med deg det interessante programmet, bør du finne det og spele det av i ettertid, no som Valle Radio har fått podcast.