Ein hyggeleg dag

Share
Rønnaug, Kristine og Reidun er klare for dessert. Og Pinky ville også vere med på bildet. Foto: Håkon Lyckander

12. mai 2017 vart ein hyggeleg dag, sjølv om det var for mykje vind til å feire bursdagen til Reidun ute. Ut på dagen vart det klart etter ein grå start, men inne kunne vi glede oss med lang og sein frokost saman med Rønnaug og tre barnebarn, Håkon, Kristine og Nikolai.

Før var det nok meir telefonar og gratulasjonar auge til auge enn no til dags, etter det eg meiner å sjå, er det nok ofte Facebook og sms som formidlar helsingar til ein jubilant. Dei første plinga kom i mobiltelefonen ved sju-tida i dag tidleg, og den siste kom nett no, så det har vore ein lang dag med plinging.

Rønnaug meinte at ho ville lage middag til oss i dag. Det vart gulrotsuppe og ytrefilet med rotgrønnsaker og bernaisesaus. Eg kan vel ikkje seie det er vanleg fredagsmat her i huset, men det var nydeleg. Desserten måtte vi utsette, men då den kom, var det jubel i stova: Verdens beste-kake, krokanis og bær. Det var nøgde barnebarn som avslutta kvelden med å dukke ned i ipadar og iphonar. Når dei engasjerer seg digitalt, vert det ro i stova, praten mellom dei vaksne kunne streife litt over ulike emner før nye pling kalla på reaksjonar.

Fødselsdagar er merkedagar i livet. Det er naturleg med ekstra merksemd på slike dagar. Setesdalswiki har ei god stund no hatt eit system som presenterer fødselsdagar på framsida av nettstaden. Sjølv om det ikkje er runde dagar, er det hyggeleg å kunne sende ei helsing til ein som fyller år. Etter mi meining er det noko vi burde vere flinkare til, for dei fleste set pris på å få det. Med dei gode måtane vi har i dag til å nå kvarandre i sosiale media og på annan måte, kan vi gje kvarandre små gleder både på merkedagar og elles.

Kappast om å heidre kvarandre, det er ei god bibelsk oppfordring vi kan ta med oss vidare.