Postludium med finsk musikk

Share
I går hadde Siri postludium med finsk musikk. Eg fekk kommentarane hennar og deler dei med dykk som les bloggen. Sjølv vart eg nokså fjetra av det første stykket, Finlandia, for det spelte eg i orkester då eg gjekk på gymnaset. Her var det på orgel, eit storverk. 

Gratulerer med 100 års sjølvstende, Finland! 

Kanskje eit litt underleg postludium i kveld, med tri orgelpositiv og eitt konsertorgel, og kanskje relativt ukjende organistar. Eg er ikkje så god i finsk, så det har vore ei interessant reise :)
Det fyrste verket i kveld er eit symfonisk dikt av Jean Sibelius, Finlandia (op.26 nr. 7). Det finst i to versjonar, den eldste frå 1899. Det var det siste i ein serie på seks verk skrive rundt Finland si historie. Serien fekk namnet "Finland vaknar", men for å unngå den russiske sensuren fekk det ulike namn ved dei ulike konsertane som til dømes "ein skandinavisk kor-marsj". Sibelius omarbeidde det til eit frittståande symfonisk dikt i 1900. Frå då vart det kjent som Finlandia. Diktet var eit klårt patriotisk stykke retta mot Russland sin sensur og intrekking av sjølvstendet til Finland. Etter omarbedinga vart det framført under verdensutstillinga i Paris i 1900, noko som leia til at saka vart synleg for verda og. Sibelius nytta den siste delen på ny då han skreiv Finlandia-hymna - den uoffisielle finske nasjonalsongen. 

Verket er omarbeidd for orgel og vert spela på eit Grönlundorgel frå 2007 som stend i Sibeliushuset i Lahti. Det var ved opninga i 2000 den største trebygningen reist i Finland på 100 år, og samstundes det einaste konsertbygget i tre i verda. Organisten er Vesa Koskimaa, kantor i middelalderkyrkja i Hollola.

10:29 Vesa Koskimaa på orgelet i Sibeliushuset i Lahti Finlandia (op.26 nr. 7)
=================================
Litt finsk orgelhistorie - føre 1700 var det om lag 40 orgel i Finland, men dei fleste av desse vart øydelagde under den russiske okkupasjonen (1714-21). Etter krigen blei nye bygd og gamle reparera, og då 1809 kom og Finland vart eit storhertugdømme i det russiske riket fanst det meir enn 30 orgel i landet - dei fleste i kyrkjer. Etter 6. desember 1917 tok orgelbygginga til att, det vart ein gyllen tid for orgla og mange orgel-positiv eller skaporgel vart bygde. På slutten av det 20 århundre var det meir enn 400 orgel i landet.

Desse orgelpositiva fantes i dei store, rike barokkhusa, operabygg, kapell og vart nytta som kororgel for øving. I byrjinga av det 19. århundre var det moderne for rikfolk å ha dei i heimane sine, nett som i små konsertsalar eller offentlege bygg. Dei tre orgla som me får høyre Jan Lehtola spele på er ulike, det fyrste står i storsalen i Kymi (ein del av Kotka). Det er ein spurv når det gjeld dekorasjonane, designet er ikkje som for orglet i Espoo eller det i Amos Anderson-kunstmuseet. Det fyrste er eit elegant møbel som vart laga til målaren Aksel Gallén-Kallela, ein av Sibelius sine venner. Forfallet trua med å øydelegge det, men det vart redda, noko Lehtola feirar med improvisasjonen han spelar. Orgelet i kunstmuseet hev åtte registre og vart bygd i 1926 av Kangasala Orgelfabrik, når dørene til skåpet som skjuler pipene opnas får ein sjå romantiske art-noveau måleri med lettkledde nymfer som speler musikk og lyar. Orgla er sein-romantiske i registerdisposisjonen, og har ein annan klang enn dei store pipeorgla. Ljoden til orglet i Kymi kan nestan lete astmatisk hvesande frå tid til annan. 

Jan Lehtola (Tampere, 1972) vart ferdig med studiet i kyrkjemusikk  ved Sibeliusakademiet i 1998, og har vore elev hos mellom anna Olli Porthan og Jacques van Oortmerssen.

https://www.hraudio.net/showmusic.php?title=7421&showall=1 :
Ein kritikar omtalar Lahtola sine improvisasjonar som ein særs god overrasking. Det minner om tida då og Sibelius inprovisera og fann melodien til sin andre symfoni. Kritikaren er og imponera over korleis Lehtola nyttar alt det vesle orglet kan gje, og meiner det høyrest mest orkestralt ut!

Historical Organs and Composers 5 (Alba, 2011) JUGEND – ART NOUVEAU:
*Kymi-yhtiöitten juhlasali (1933) Jan Lehtola: Improvisaatio Hommage à Sibelius I 2:58
*Kalela (1850–1860?/1898?) Jan Lehtola: Improvisaatio Hommage à Sibelius II  3:14
*Amos Anderson-kunstmuseet (1926): Juhani Pohjanmies: Andante grazioso
============
Organ Sonata in F sharp minor (Juhani Pohjanmies (1893-1959)): Andante grazioso	  3:11
Pohjanmies vart fødd i Helsinki og døydde i Hollola. Han var ein komponist, organist, forfattar og instrumentbyggjar. Pohjamnies bygde om lag 50 orgler i kyrkjer og konsertsalar, mellom anna det i katedralen i Oulu. Han studera ved konservatoriet i Leipzig. Som komponist har han late etter seg korverk, barnesongar, duetter, orkester-, piano- og orgelverk.
============
10:29 Vesa Koskimaa på orgelet i Sibeliushuset i Lahti: Finlandia (op.26 nr. 7)
3:01  Jan Lehtola på orgelet i festsalen i Kymi (Kotka) (1933): Improvisaatio Hommage à Sibelius I 
3:16  Jan Lehtola på orgelet i Kallela (1850–1860?/1898?): Improvisaatio Hommage à Sibelius II
3:17 Organ Sonata in F sharp minor (Juhani Pohjanmies (1893-1959)): Andante grazioso