Variasjon

Share

Variasjon er alltid fint. Det høyrer vi ofte når vi snakkar om jobb, mange seier at det er godt å ha ein jobb der ein kan variere på arbeidet.

Slik er det også når ein er pensjonist og har til hobby å kunne skrive leksikalske artiklar om litt av kvart. Eg har ein lang periode konsentrert meg mest om å skrive på Setesdalswiki, men den siste tida har eg variert meir og skrive ein del også på Wikipedia. Det er fint å bryne seg litt på emne som ligg utanom Setesdal, men denne veka har eg også kunna skrive om Setesdalsrelaterte emne. For Wikipedia har ein konkurranse gåande om verneområde, og då er det jo mykje å skrive om også i Setesdalsregionen.

Eg nemnde tidlegare at det første verneområdet i Aust-Agder var ein skog på Evje. Den er 100 år i år. Men dei største områda som er verna i Setesdalskommunane utanom landskapsvernområda Setesdal Vesthei og Hovden, er myrer. På 1980-talet vart det laga verneplan for myr i Aust-Agder, og der finn vi Storslåtta i Evje og Hornnes, Veststedjan i Bygland og to myrer i Iveland. Seinare kom Lislevatn og Vidmyr i Bykle og Kyrelitjønn i Valle. I alt var det visst 17 myrområde som vart verna i Aust-Agder. Det skal eg kome tilbake til når eg får meir informasjon.

Målet mitt er at eg skal ha skrive artiklar om alle verneområda i Setesdal på Wikipedia denne veka. Deretter får eg skrive dei artiklane som manglar på Setesdalswiki. Vi hadde artiklar om fleire av dei naturreservata som mangla på Wikipedia, det hadde Geir Daasvatn hjelpt til med, så dermed hadde eg eit godt utgangspukt for å finne stoff. Nokre av Geir sine fine bilete er også kome med i nokre av artiklane.

Men eg har ikkje heilt pause frå Setesdalswiki heller denne veka. I går kom artikkel nr. 87700, det var overskriftene i Setesdølen for i går. Men avisa hadde ikkje lagt ut bilete av framsida, så det manglar der, men vil vel kome etter kvart.

Vil du lese om naturreservata i Setesdal kan du, finne dei her: Verneområder i Aust-Agder. Gå ned til kommunane i Setesdal, der finn du det eg har skrive så langt.