Takk for framsida

Share

Setesdølen for tysdag 23. mai 2017 kom som vanleg i posten den dagen. Det er einaste avisa denne veka. Også sist veke var det bare ei avis, då var det 17. mai som la seg i vegen. Men neste veke er det normal produksjon att.

Det var eit problem med å få lagt framsida ut på nettstaden til avisa denne gongen, det er ikkje ofte slikt skjer, men i dag låg avisa der, og då kunne eg kopiere biletet inn i Setesdalswiki sin artikkel om Setesdølen nr. 37, 2017. Så får det heller våge seg at dei bomma på nummereringa denne gongen, på biletet står det 36, men det er 37. Gerd har lova å rette det opp til neste nummer.

Framsida på Setesdølen hadde fire flotte bilete denne gongen. Arne Holskog, Birgit Lidtveit, Trygve Rysstad og Inger K. Rysstad har takka vere den framsida også fått bilete på Setesdalswiki. Bilete av Otra Kraft sin kulturprisvinnar Tiril Beate Heia hadde eg alt funne på facebook, så det trong eg ikkje klyppe ut. Det er slett ikkje kvar gong eg tek meg umaken med å klyppe ut frå avisa, men det er godt å kunne gjere det og slik gjere Setesdalswiki sine artiklar meir informative.

Difor er det flott å få framsida på avisa lagt ut på nettet. Mange ville nok likt om Setesdølen hadde meir stoff på nettet, slik dei fleste avisene har. Men redaktøren har ikkje gjort som dei fleste andre i denne saka. Han seier at om dei skulle satse på nettavis, måtte dei ha fleire folk, og nettavis gjev ikkje same inntekt som papiravis. Difor har han vald å gå mot straumen enn så lenge, sjølv om han i ein leiar for ei tid sidan erkjent at også Setesdølen må fylgje med tida og finne ei form for nettpublisering.

Setesdalswiki er kan hende noko som fungerer som nettavis for Setesdølen. Du får ikkje lese sakene slik dei er publiserte i avisa, men ut frå artiklar der lagar vi stoff om folk i Setesdal. Men vi lagar ikkje særleg mykje om hendingar, så det stoffet er avisa aleine om. Dermed utfyller vi kvarandre. No har avisa også med fødselsdagane til folk som er omtalt på Setesdalswiki, så det syner også korleis samarbeidet er eit gode for begge partar.