Fascinerande

Share
Foto: Jarle Vines/ Wikimedia Commons

No har det vore ti dagar med sykling på TV. I dag slutta Tour des Fjords, sykkelrittet som starta i Valle i 2013. Vi hugsar arrangementet i sentrum av Valle kvelden før, og det høljande regnveret dei hadde då dei starta dagen etter. Eg har mange gonger snakka om farten dei hadde gjennom sentrum, eg hadde planlagt å ta eit bilete, men eg fekk knapt opp vinduet i bilen før dei var forbi.

I dag starta det i regn i Stavanger, men etter kvart turka det opp. Det var også vind, noko som prega rittet. Det var ikkje mange som trudde at Edvald Boasson Hagen skulle klare å vinne totalt, men det gjorde han, som den beste norske syklisten i feltet.

Overskrifta i kveld er Fascinerande. I går og i dag har rittet gått i kjente trakter for ein rogalending som meg, eg har kjørt mange av dei strekningane sjølv, til og  med sykla nokre av dei i ungdommen. Det er alltid interessant å sjå heimetrakter på TV, så det i seg sjølv var fascinerande.

Men i kveld vil eg peike på entusiasmen til kommentatorane. Dag Otto Lauritsen er alltid like optimistisk motiverande anten det er tomatsuppe eller agurksnaps han smakar på eller det er oppmunting til unge som spring palleløp på Ganddal.

I kommentatorboksen sit Johan Kaggestad med eit vell av sykkelinformasjon, noko som gjer at ein toler hyppige reklamepausar for å få med seg stoffet. Det er også fascinerande. Eg lurer mange gonger på kor dei tek entusiasmen frå, dag etter dag i timevis på tv for at vi skal få god underhaldning.

Takk!