Fødselsdagar

Share

Sist helg fekk Setesdalswiki eit nytt system for  å vise fødselsdagar. Etter kvart har vi ganske mange biografiar, og tidlegare har vi fått skilt ut dei døde i eigen kategori. Dermed kunne vi lage liste med alle biografiane og sortere listene på dato. Vi har i lang tid hatt eit system for å vise fødselsdagar på den aktuelle dagen. Det kjem på framsida kvar dag. No har vi også lister for alle som fyller år i ein månad.

I mange år har Setesdalswiki hatt eit godt samarbeid med Setesdølen ved at vi får skrive inn overskriftene frå avisa. Ut frå desse lagar vi kvar veke ei rekke artiklar. Difor tenkte vi at no var det på tide å gi noko tilbake til avisa, så etter at vi fekk i gang det nye systemet, lagar eg lister over Fødselsdagar som Setesdølen trykkjer. Siste veke stod slike liste nederst på side 2 i avisa.

Med dette systemet kjem vi til å endre litt på kravet til artiklar på Setesdalswiki. Vi har gjerne likt å ha artiklar med litt meir innhald enn ei linje. Men etter det nye systemet vil vi nok satse meir på spirer for å få med oss fødselsdatoar i listene. Så får artiklane heller vekse litt etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *