Fridom

Share
Foto: Birtta Lise Homme

Dette er Siri Johannessens kåseri i Valle Radio 16. mai 2017:

Fridom. Mykje er skrive, tenkt og sagt, og sjølv om det ikkje er lenge sidan frigjeringsdagen åttande mai- og dagen der me feirar Noregs sjølvstende er i morgon - var det ikkje det som ga meg emnet for kvarteret. Det fekk eg frå Finland og deira historie. Om Noreg enn har måtta betale mykje under andre verdskrigen, har me vore spara for borgarkrig nokre hundre år. Det råka landet i aust, og prisen vart høg.

Når eg gratulerar Finland med 100 års sjølvstende no, er eg tidleg ute - den finske Riksdagen erklærte ikkje Finland sjølvstendig før 6. desember 1917. Det gjekk ikkje så godt som då me lausreiv oss frå svenskane, om enn det var ei spennade tid. Sjølvstendet til finnane drukna i blod i ein krig der naboar og slektningar drap kvarandre. Opprustinga hadde byrja føre sjølvstendet vart underteikna, og 27. januar 1918 braut borgerkrigen ut mellom dei konservative (dei kvite) og sosialistane (dei raude). Dei kvite fekk støtte frå Keisar-Tyskland og friviljuge frå Sverige, dei raude frå Russland. Dei kvite vann, og for meg er det fristande å kalla det ein pyrrhossiger. Tusenvis hadde døydd på slagmarka og fleire ville fylgje dei i døden i fangeleirane i løpet av 1918. 

Me som hev ei tru kan seie at "sanninga set fri", noko folk som ikkje trur som oss kan anta (eg vågar ikkje seie "tru") er gale. Dei kan tenkje at tru bind, er slaveri - og dei kan ha rett. Me menneske er gode til å få på plass reglar og skikkar - og ve den som ikkje går i takt! Eg har sett det, og gremmest. For meg handlar det då ikkje om tru og fridom men om makt. Kanskje gjer det meg til anarkist, ein opprørar som ikkje ynskjer å gå i takt om eg ikkje kan sjå at det er rett, ein som helst vil fylgje Han som sette meg fri. For eg har fridomen til å velge om eg vil fylgje eller ikkje. Eg er fri til å gå, og eg he gjort det - men eg vende attende. Frivillig.

Fridom kan vere så mangt, Corrie ten Boom og systra Betsie fann den i Ravensbrück då dei vart inndelte i ei brakke med mykje lus og anna utøy - tyskarane kom ikkje i den brakka, så systrene var frie til å studere Bibelen saman med andre fangar. Ho fortel og om eit møte med ein av fangevoktarane i frå Ravensbrück i 1947. Ho hadde talt på eit møte i München då han kontakta henne, ho kjende att mannen og stivna. Det ho hadde talt om var tilgjeving, og mannen kom og fortalde som det var at han hadde vore voktar der. Seinare hadde han kome til tru, og no ba han henne tilgi. Corrie stivna, klarte ikkje rekke fram handa. Så bad ho innenat "Jesus, hjelp meg - eg kan rekka fram handa, men følelsane dei må du ta deg av". Corrie så gjorde, stivt og mekanisk - men då han tok handa hennar hendte det noko. Det harde smelta, og ho kunne seie av eit heilt hjarte at ho tilga mannen. Då fekk ho fridom frå ein tung del av fortida.

Mange kjende folk har sagt noko om fridom, og for meg er det eit paradoks at to av dei eg veit om er amerikanarar, og verkar til å tenkje motsett av den noverande presidenten. Abraham Lincoln sa at "dei som nektar andre fridom, fortjenar ikkje fridom sjølv.", og Benjamin Franklin kom i sine memoarar med "Dei som gjer frå seg essensiell fridom for å få litt mellombels tryggleik hev ikke gjort seg fortent til nokon av dei". Det siste får meg til å undrast om me gjer rett i vår frykt for "dei andre", me godtek at det vert registrert kven me talar med på telefon og kor lenge. At det same skjer når internett nyttast, kamera som overvakar oss på gata og meir. Men me er ofte for redde til å stogge dei som gjer urett, me snur oss vekk... Me mistenker fort dei som ikkje ser ut som oss, talar som oss, ein med cerebral parese vert kjapt sett som ein misbrukar av alkohol eller narkotika - er det rett? Korleis nyttar me fridomen når me samstundes dømmer andre? Gjer me det for å føle oss betre sjølve? 

Det er fleire slag fridom, fridomen til å ytra seg er ein av desse og når eg ser kva folk kan skrive som kommentarar til avisartiklar lukkar eg ofte datamaskinen medan eg ristar på hovudet. Dei vil helst stengja ute, nekta andre den fridomen dei krev for seg sjølve og freister truga bort andre frå. Det minner meg om noko som teologen og filosofen Søren Kierkegaard skal ha sagt "menneskje krev ytringsfridom som kompensasjon for tankens fridom som dei sjelden nyttar".

Det siste sitatet for no kjem frå Gandhi, "Fridomen er ikkje noko verd om den ikkje inkluderar fridomen til å gjere feil."

Kva er fridom for deg? Kva er den verd?

https://en.wikipedia.org/wiki/Oh,_Freedom

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *