Ikkje så mykje som skal til

Share

Det kan sikkert skrivast mykje om det meste, men det er ikkje alltid så mykje som skal til. Det fortalde Geir om tidlegare i dag då han delte med folk på Facebook om korleis ein bomtur til Åseral vart til seks artiklar på Setesdalswiki, der både Åseral og Bygland var involvert.

For eit nettleksikon er det ikkje alltid nødvendig med fullt utvikla artiklar frå starten av. Dei kan starte som ei spire, og så kan ein fylle på meir ettersom ein får meir stoff. Det er jo ulikt eit papirleksikon, når det går i trykken, kan ein ikkje få gjort noko meir.

Mitt engasjement som leksikonskrivar er no snart 11 år, då starta eg på ein liten artikkel på Wikipedia. I løpet av desse åra har det blitt mange redigeringar på Wikipedia i tillegg til det som er gjort på Setesdalswiki.

No i helga var det Eurovision Song Contest. Det er jo ein konkurranse om melodiar, men det er gjerne den som presenterer melodien som kjem mest i fokus. Difor gjekk det ikkje så lang tid før vinnaren frå Portugal, Stefano Sobral, fekk artikkel på norsk wikipedia. Det kom artikkel om sangen også, men ingenting om komponisten, som jo var syster til vokalisten. Difor måtte eg inn der i dag og skrive ein liten artikkel om  Luísa Sobral. Det vart i alle fall ein start. Så får andre legge til meir etter kvart som det er meir å skrive.

Slik er det på Setesdalswiki også. Vi kan starte forsiktig, og så får vi fylle på meir etter kvar. Takk, Geir, for dei seks artiklane som kom ut av bomturen din. Det er ei rikdom for alle som les i nettleksikonet når du deler dei med oss andre.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *