Kom, mai…

Share
Foto: Valle Aktiv

Vi syng Kom, mai, du skjønne milde. Etter vermeldinga skal vi få nokre dagar som sikkert vil få fart i lauv og gras komande veke. Samstundes heiter eit gammalt ordtak at Mai kulde gjør bondens lader fulde.

Om veret blir varmt eller kaldt, komande veke blir det sending i Valle Radio både tysdag og onsdag. Henrik West står for to innslag i tysdagsprogrammet, han skal snakke om turløyper og stå for postludium. For det siste programmet har han søkt råd hos facebook-lista for orgel og kyrkjemusikk, så der får vi nok eit utsøkt program med musikk relatert til våren.

Når det gjeld turløyper, meiner han at vi har ein uoppdaga Besseggen på Hommfjødd i Valle, så det skal bli spennande å høyre.

Lars Tarald Myrum skreiv dette på Facebook i går over eit bilete av Henrik: Mannen du ser under sit ikkje berre på orgelkrakken. Han heiter Henrik West og er organist i Bykle og Valle. Han trålar heiane på fritida og har kome med forslag og ei rad nye turvegar. Han meiner det er for dårleg i dag, og det er det vel ikkje vanskeleg å vere samd med han i. Eit av forslaga går ut på å få ein samanhengane turveg opp på Einang (til venstre på biletet) og over Hommfjødd som er det lange bratte fjøddet. Her kan ein få noko som liknar på Besseggen. Han vil fortelje om dette på Valle radio i morgon, tysdagskvelden. Ly på radio!

No kan du gå inn på heimesida til radioen og klikke på knappen, så får du høyre det direkte frå klokka 18 på tysdag og 19 på onsdag.

Vi har så smått teke til å legge ut nokre lydfiler, og du kan høyre programmet frå Valle kommunestyre onsdag som var om du klikka på denne lenka: Onsdagsprogram 26. april 2017. Nederst på sida ligg lenke til lydfila.

Her er programmet for komande veke:

Tysdag 2. mai
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel med Sverre Hovda

18.30 Sangtimen
19.30 Turvegprosjektet i Valle: Tarald Myrum & Henrik West

20.30 Postludium med Henrik West
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 3. mai
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer med Frode Buen

20.00 Ut på tur med Elisabeth Spockeli og Sondre Rua Dokken

21.00 Sondre Rua Dokken med gjester om film(klubb) og brettspel

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *